NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K46

Saksmappe:          07/00448-1

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      29.05.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Jakt på rådyr år 2007 - bruk av areal  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

016/07

Viltnemnda

04.06.07

 

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Forskrift

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.         Med heimel i forskrift om forvaltning av hjortevilt frå 22.03.2002. og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002  tildeler viltnemnda fellingsløyver for rådyr i 2007 slik at ein  

            brukar § 6 i forskrift om forvaltning av hjortevilt, ved å¨skrive minstearealet opp med 50% dette grunna ulike bestandsforhold.

 

2.         Alle vald med rådyrjakt vert då tildelt løyver med minsteareale på 1050 da./dyr.

 

3.         Tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram som eiga sak i viltnemnda.

 

 

 


Handsaming i Viltnemnda  04.06.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 04.06.2007:

1.         Med heimel i forskrift om forvaltning av hjortevilt frå 22.03.2002. og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002  tildeler viltnemnda fellingsløyver for rådyr i 2007 slik at ein  

            brukar § 6 i forskrift om forvaltning av hjortevilt, ved å¨skrive minstearealet opp med 50% dette grunna ulike bestandsforhold.

 

2.         Alle vald med rådyrjakt vert då tildelt løyver med minsteareale på 1050 da./dyr.

 

3.         Tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram som eiga sak i viltnemnda.

 

 

 

Saksbakgrunn:

Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever frå 22.03.2002, rundskriv juli  2002

og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002.

 

Saksopplysning:

Kvart år skal kommuna , innan 15.juni, sende ut fellingsløyva for rådyr til alle vald som

er godkjent, forskrifta sin § 13

Før dette kan skje må det gjerast politisk vedtak og eventuell bruk forskrifta sin § 6, fråvik av minstearealet

Rådyrløyver skal alltid tildelast som frie løyver.

Når dette er gjort skal det gjerast politisk vedtak på tildeling til kvart vald.

Minstearealet i Norddal er 700 da./dyr.

 

I 2006 var det 34 vald som hadde rådyrjakt, samla har desse eit teljande areal på 211172 da.

Desse valda vart tildelt 185 fellingsløyve, 11 dyr vart felt.

 

 

FELLINGSSTATISTIKK FOR 2006.

 

1/2  år

Eldre

I alt.

Hanndyr

1

6

7

Hodyr

1

3

4

I alt

2

9

11

 

Dette gir ein fellingsprosent på  6.

            

 

STAMMEVURDERING 2006:

 

 
 


Auke

Uendra

Nedgang

????

18119

105973

54100

32980

8 %

50 %

26 %

16 %

 

 

I ny forskrift er det høve å søkje om kvotefri jakt på rådyr.( Heimel i forskrifta sin § 7)

Valdet må då vere 10 X minstearealet, men minst 5000 dekar.

 

 

 

Dersom kommunen tildelte etter minstearealet, 700 da. dyr, ville ein måtte skrive ut 283 fellingsløyve.

Ved bruk  av § 6 i forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever, der ein skriv opp minstearealet med 50 % vil ein ende opp med 186 fellingsløyve

 

Saksvurdering:

Utifrå det som kjem fram  gjennom rapportering over felling og stammevurdering, kan ein vel trygt fastslå at det er lite å byggje på.

Rapportering som er vist i tabellen talar for seg sjølv.

 

Kva som gjer at rådyrjakta gjev så dårleg resultat kan vere fleire.

Kommunen må også i år, som dei siste tre åra, vere varsam ved tildeling av fellingsløyve.

 

Ein vil rå til at forskrifta sin § 6 vert nytta fullt ut i å skrive opp minstearealet med 50 %.

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann