|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 05/00424-44
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 29.05.07 |
Revisjon av
teljande areal i vald 13
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
04.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad mottatt 24.04.07
Skriv frå kommunen 04.05.07
Kart vert lagt fram i møtet
Ikkje utsendte
saksdokument:
Forskrift
Utifrå kap. 3. Krav til og godkjenning av vald. i forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak:
Saka vart trekt av rådmannen.
Saksgrunnlag:
Søknad datert 24.04.2007 med vedlagte kart.
Saksopplysning:
Etter §10 i forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever skal valdansvarleg innan 1.april meld frå til kommunen om eventuelle endringar i valdet, som i dette høve teljande areal.
Sjølv om det ikkje er frå valdansvarleg ein har fått melding før denne dato, finn ein å kunne godta det.
Saksvurdering:
Det er neppe grunn til å drage i tvil den nye oppmålinga, ein må likevel stille seg spørjande til kva oppmåling som vart gjort i 1994 i det same valdet.
Sjølv om arealet er delt av riksvegen vert ikkje det å vurdere som to ulike areal utan samanheng.
Ein har merka seg at når det gjeld sætreområdet, det som vert kalla Gudbrandsdalen, er det påskrive med blyant ”SÆTERRETT”. Om eit bruk har sæterrett er ikkje det synonymt med jaktrett, det er ulike døme på slikt i kommunen. Slikt vert regulert i privatrettslege avtalar og kommunen har ikkje kompetanse i slike spørsmål.
Det vert lagt til grunn at Rem har einerett på jakt i sæterdalen.
Ein kjenner heller ikkje til at det har vore gjort omdisponering av areal i valdet siste åra.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|