|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 07/00383-3
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 29.05.07 |
Skiping av vald for
rådyrjakt på Hjelle , gnr. 57-58 og 59
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
04.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad mottatt 20.04.07
Skriv frå kommunen datert 23.04.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Viltnemnda gjer med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever frå
22.03.2002 vedtak om skiping av vald for rådyrjakt på Hjelle gnr. 57-58 og 59.
2. Det teljande arealet vert sett til 2000 da, med ansvarleg for valdet Elin Smogeli Homlong
6215 Eidsdal. Valdet får l.nr. 57 i kommunen sitt register.

Saksgrunnlag:
Søknad frå eigarane av Gnr57-58 og 59, motteke 20.04.2007.
Saksopplysning:
Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever stiller i § 8 opp krav til valdet. I § 9 vert det lista opp dei krav ein søknad skal innehalde.
Gardane på Hjelle g.nr.57-58 og 59 har vore samanslegne som eit vald for jakt på hjort. I viltnemdssak 15/92 vart det teljande arealet sett til 2000 da.
Gjennom forskrift er minstearealet for jakt på rådyr sett til 700 da./dyr i Norddal kommune.
Saksvurdering:
Søknaden er grei på alle måtar og inneheld krava som vist til i §§ 8 og 9.
Ein må ta eit atterhald dersom eigaren av 58/1 ikkje vil vere med i så fall må ein kome attende til det. Som det går fram av søknaden så er han på sjøen no.
Det teljande arealet vert sett til det same som i valdet for jakt på hjort då ein ikkje kan sjå at det er gjort endringar i noko form for omdisponering av areal sidan 1992.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|