NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          07/00350-2

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      29.05.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Høyring på endring av forskrift  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

021/07

Viltnemnda

04.06.07

 

 

Utsendte saksdokument:

Skriv om høyring frå DN datert 20.03.07

Høyringsfrist 20.06.07

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune sin uttale i høyring om endring av forskrift av 22.mars 2002 pm forvaltning av hjortevilt og bever; §3 villreinnemnd og ny § 14a Bestandsplan  og forvaltning av villrein.

 

  1. Kommunen kan ikkje sjå at ei utviding av villreinnemndene sitt ansvarsområde, ved å slå saman fleire villreinområde, vil gje ei betre forvaltning, ein stiller seg negativ til denne endringa.
  2. Det er positivt at kvotering vert teken opp. Kommunen meiner likevel at DN sin modell er dårleg. Det kan ikkje vere det minste vanskar med kvotering om kommunane i dei respektive villreinnemnder vert samd om på kva måte det skal skje. Kommunane må seg i mellom sette opp avtale om det. Om det vert gjort slik får kommunane framleis høve til å velje i staden for å nominere.

 

  1. Utifrå opplysningar ein har er det ikkje registrert negative ting ved dagens ordning. Kommunen vil difor halde på den ordning som gjeld.

 

  1. Når det gjeld endring av § 14 til ny §14a har ein ikkje merknadar.

 

 

 

 


Handsaming i Viltnemnda  04.06.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 04.06.2007:

Norddal kommune sin uttale i høyring om endring av forskrift av 22.mars 2002 pm forvaltning av hjortevilt og bever; §3 villreinnemnd og ny § 14a Bestandsplan  og forvaltning av villrein.

 

  1. Kommunen kan ikkje sjå at ei utviding av villreinnemndene sitt ansvarsområde, ved å slå saman fleire villreinområde, vil gje ei betre forvaltning, ein stiller seg negativ til denne endringa.
  2. Det er positivt at kvotering vert teken opp. Kommunen meiner likevel at DN sin modell er dårleg. Det kan ikkje vere det minste vanskar med kvotering om kommunane i dei respektive villreinnemnder vert samd om på kva måte det skal skje. Kommunane må seg i mellom sette opp avtale om det. Om det vert gjort slik får kommunane framleis høve til å velje i staden for å nominere.

 

  1. Utifrå opplysningar ein har er det ikkje registrert negative ting ved dagens ordning. Kommunen vil difor halde på den ordning som gjeld.

 

  1. Når det gjeld endring av § 14 til ny §14a har ein ikkje merknadar.

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Skriv om høyring frå DN datert 20.03.2007.

Høyringsfrist: 20. juni 2007.

 

Saksopplysning:

Det er spesielt tre tema som er med i høyringa

A. Villreinnemndstrukturen. I forslaget vert tal nemnder sett til 8.

 

B. Oppnemning av villreinnemnder.

Kommunane har før valt sin medlem til nemnda, i nytt forslag frå DN skal kommunane no nominere og DN oppnemne. Hovudgrunnen til dette er kvotering.

 

C. Organisering av villreinnemnda sitt sekretariat.

Ein viser til høyringsskrivet sine to punkt vedkomande det.

 

D. Endring av § 14 i forskrift.

Det vert forslag på ein ny § 14a.

 

Saksvurdering:

Det ein saknar i denne høyringa, og som er vanleg i slike, er kva minusfaktorar har ein som gjer det naudsynt å forandre på forskrift. Det med kvotering er greitt, men elles ser ein ikkje at DN har argument som grunngjev endringane. Ein sit att med kjensla at det er viktig med ei endring for endringa i seg sjølv.

Før ein innstiller på kommunen sitt vedtak skal ein kome med nokre korte kommentarar til høyringspunkta.

  1. Ein kan vanskeleg sjå at ved å utvide villreinnemndene sitt ansvarsområde i større einingar, vil ein oppnå ei betre forvaltning enn no.
  2. Kvotering er viktig, men DN er lite kreative når dei tek frå kommunane retten til sjølv å velje og går attende til meir embetsmannsstyring.
  3. Ein etterlyser her manglar ved dagens ordning.
  4. Ny §14a synes greitt å gå inn for.

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann