|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 034 &83
Saksmappe: 05/00516-8
Sakshandsamar: Wenke Sylju Dato: 02.06.2006 |
Arbeids- og
velferdsforvaltning - NAV - orientering
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
14.06.06 |
|
|
039/06 |
Kommunestyret |
29.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Rammeavtale mellom KS og Arbeids – og Inkluderingsdepartementet
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sosialkontoret tek med seg følgjande arbeidsoppgåver inn i NAV – kontoret:
Oppgåver etter sosialtenestelova, gjeldsordningslova og arbeidet med flyktningar, tilskots – og låneordningar frå Husbanken, koordineringsfunksjonen for psykisk utviklingshemma (på tenestenivå) samt arbeid etter introduksjonslova.
Når det gjeld arbeid etter lov om barnevern og adopsjonslova vert det utarbeid eigen sak om dette. Arbeid etter alkohollova og serveringslova vert lagt til det kommunale servicekontoret, medan det overordna ansvaret for ungdomsklubbane ver lagt innunder kulturkontoret.
Når det gjeld dataløysingar, merkantilt personale, organisasjonsmessig tilknyting (leiing på NAV – kontoret), basisopplæring innan fagfelta til samarbeidspartnarane og liknande må ein kome attende til dette da det pr. i dag ikkje er klart.

Handsaming i Kommunestyret 29.06.06:
Karl Jostein Rødset, H, kom med slikt forslag:
2. setning i 2. avsnitt i innstillinga vert tatt ut.
Vedtak:
Samrøystes i samsvar med innstillina, med endring av forslaget frå Rødset.
Sosialkontoret tek med seg følgjande arbeidsoppgåver inn i NAV – kontoret:
Oppgåver etter sosialtenestelova, gjeldsordningslova og arbeidet med flyktningar, tilskots – og låneordningar frå Husbanken, koordineringsfunksjonen for psykisk utviklingshemma (på tenestenivå) samt arbeid etter introduksjonslova.
Når det gjeld arbeid etter lov om barnevern og adopsjonslova vert det utarbeidd eiga sak om dette.
Når det gjeld dataløysingar, merkantilt personale, organisasjonsmessig tilknyting (leiing på NAV – kontoret), basisopplæring innan fagfelta til samarbeidspartnarane og liknande må ein kome attende til dette da det pr. i dag ikkje er klart.
NAV – reforma.
NAV – reforma vart vedteke i Stortinget våren 2005. A – etat og trygdeetat skal leggjast ned, og ein ny statsetat – NAV Arbeids – og velferdsetaten skal etablerast frå 1. juli 2006. Innan 2010 skal alle kommunane i landet ha eit eige NAV – kontor der kommunen si sosialteneste og NAV Arbeids – og velferdsetaten har samordna tenestene sine. Sosialtenesta skal framleis ha ansvaret for sine oppgåver etter lov om sosiale tenester.
Hovudmålet med reforma er:
· fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
· det skal bli enklare for brukarane og vere tilpassa deira behov
· ein heilskapleg og effektiv arbeids – og velferdsforvaltning
Stat og kommune skal ha eit felles ansvar som skal styrast av brukarane sine behov.
Reforma skal gjennomførast som eit samarbeid i mellom stat og kommune. Det vert lagt til grunn at den nye statsetaten og kommunane skal ha stor lokal handlingsfridom til å finne konkrete løysingar slik at dei i samråd med lokale samarbeidspartnarar kan tilpasse dei felles lokale kontora til lokale høve, behov og utfordringar. Rammeavtala mellom KS og Arbeids – og Inkluderingsdepartementet skal saman med ny lov om arbeids – og velferdsforvaltninga danne grunnlaget for samhandling mellom stat og kommune. Det vert utarbeida ei lovpålagt partnarskapsavtale mellom stat og kommune.
Det vert viktig for kommunane å setje seg inn i rammeavtala mellom KS og departementet . Vidare må kommunane samarbeide på fylkesnivået om organisering og framtidig kontorstruktur. Det skal tilsettast ein konsulent på fylkesnivå som skal arbeide ut mot kommunane. Denne tilsettinga er ikkje gjort ennå. Det må avklarast kva tenester som kommunen vil ha med inn i det lokale NAV – kontoret og kommunen må vere budd på å forhandle om ei avtale for å etablere NAV – kontoret. Vidare må kommunen ivareta arbeidsgjevaransvaret i høve til medverknad frå tilsette og framtidig kompetansebehov. Kommunen må også finne gode lokalar for NAV – kontoret. Det vert viktig at kommunen tek i vare arbeidsgjevaransvaret for sine tilsette i reforma. Eit krevjande aspekt ved NAV – reforma er at dei tilsette som skal arbeide saman i felles lokalar soknar til to ulike avtaleverk. Informasjon og involvering frå dei tilsette i kommunen er naudsynt for å nå måla i reformarbeidet.
Saksvurdering og
konklusjon:
Sosialkontoret har pr . i dag arbeidsoppgåver etter sosialtenestelova, lov om barnevern, adopsjonslova, gjeldsordningslova, alkohollova, serveringslova m.fl.
Tilskot og lån frå Husbanken, koordineringsfunksjonen på tenestenivå for psykisk utviklingshemma og arbeidet med flyktningar samt introduksjonslova er også lagt til sosialkontoret. Det same er det kommunale ungdomsarbeidet som også omfattar eit overordna ansvar for ungdomsklubbene. I og med at det pr. i dag berre er ein tilsett på sosialkontoret ser ein det slik at alle oppgåver som vert utført på sosialkontoret må takast med inn i NAV – kontoret med unnatak av arbeid etterlov om barnevern, adopsjonslova, alkohollova og serveringslova, samt det overordna ansvaret for ungdomsklubbane.
Når det gjeld arbeid etterlov om barnevern, vil det etter flytting til NAV – kontor, bli at ein svært liten ressurs til dette arbeidet slik at det kan bli uråd å oppretthalde eit forsvarleg barnevern i kommunen.
Ein vil kome attende med eiga sak om barnevernsamarbeid med Ørskog, Skodje , Stordal og Norddal der barnevernarbeidet for desse kommunane er tenkt inn i eit eige felles barnevernkontor.
Vidare er det ein del ting som framleis er uklare i høve flytting til NAV – kontor. Dette gjeld m.a. dataløysingar, merkantilt personale, organisasjonsmessige tilhøve (leiing NAV – kontoret), basisopplæring innan fagfelta til samarbeidspartnarane. Ikkje noko av dette er klart ennå slik at det vert å kome attende til.
Det er bestemt at NAV – kontoret skal ha lokalar i det nye helsehuset som er under planlegging. Ein er i desse dagar i ferd med eit prosjektarbeid som bl.a. går ut på å definere behov for rom og funksjonar i det nye helsehuset.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|