|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 11/4
Saksmappe: 06/00795-12
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 28.05.2007 |
Deling av grunneigedom gnr
11, bnr 4 - Nils
og Nelly Gjerde
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
06.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad om deling
Kartutsnitt, M=1:2000
Handsaming av saka i utval for plansaker
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune viser til § 12 i jordlova og gir løyve til frådeling av omsøkte parsell på ca 1 daa.
Handsaming i Formannskapet 06.06.2007:
Merete Løvoll Rønneberg kom med slikt forslag til vedtak:
1. Formannskapet vil gå imot å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for tomt til bustadhus på gnr. 11, bnr. 4 på Gjerde i Valldal, slik det er bede om i søknad datert 21.11.06. Bakgrunnen for avslaget er tomta si plassering, i nær tilknyting til turområdet.
2. Formannskapet vil signalisere at ein vil kunne sjå positivt på frådeling av ei anna tomt på bruket, der ein ikkje kjem i konflikt med landbruksinteresser.
Ordføraren kom med slikt nytt forslag til eit nytt pkt. 2 til innstillinga:
Av busettingsomsyn vil det vere riktig å godkjenne frådeling i denne saka. Det er også lagt vekt på at ei frådeling er positivt for tilflyttinga til bruket, og at den som skal tilflytte bruket har odel på heile landbrukseigedomen.
Røysting:
5 røysta for innstillinga og med det nye forslaget til eit pkt. 2
2 røysta for Merete Løvoll Rønneberg sitt forslag som fall
Det vert søkt om frådeling av ei bustadtomt aust for gardstunet. Søknaden har vore handsama i Det faste utvalet for plansaker, men vart vedteke oversendt til formannskapet for handsaming etter jordlova.
Bruket ligg oppe i eit bakkeområde ca 100 m frå riksvegen. Jordbruksarealet er på ca 40 daa og skogbruksarealet på ca 110 daa. Det er i dag ikkje husdyrhald på bruket og det manglar driftsbygning. Tunet vert i dag omfatta av eit våningshus og eit reiskapshus.
Omsøkte parsell er på ca 1 daa dyrka mark og vil grense mot nabo i aust. På parsellen skal sonen til eigaren bygge seg nytt bustadhus. Han har odel på bruket. Huset er tenkt plassert rett aust for det gamle våningshuset som no er nedreve.
Dette er ei sak som reiser mange spørsmål spesielt når det gjeld busetting i kommunen, og kor ein skal tillate spreidd busetting. At det er sonen til søkjaren som no vil etablere seg på bruket, er det lagt noko vekt, men det som er avgjerande er at eigedomen ligg plassert slik til at det er naturleg med spreidd busetting i dette området. Slik busetting vil vere meir unaturleg på flatene nedanfor og andre område i kommunen med store samanhengande jordvidder. Dette gjeld også område av kommunen der det er aktivt husdyrhald.
Ofte er ein redd for at det skal bli konflikt mellom huseigar og gardbrukar. Det er spesielt luktplage ein tenker på. Dette argumentet kan ein sjå ulikt på. Ein som etablerer seg i eit landbruksområde, gjer det etter eige ynskje. Eit godt bumiljø er for mange overordna litt gjødsellukt i delar av året.
Av busettingsomsyn vil det vere riktig å godkjenne frådeling i denne saka. Det er også lagt vekt på at ei frådeling er positivt for tilflyttinga til bruket, og at den som skal tilflytte bruket har odel på heile landbrukseigedomen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|