NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    1/6

Saksmappe:          06/00494-7

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      28.05.2007

 

Møtebok

 

 

 

Søknad om deling av gnr. 1 bnr. 6 - eigar Unn Linge Valdal

 

 

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

071/07

Formannskapet

06.06.07

 

Utsendte saksdokument:

Søknad om deling

Kart over området

Handsaming av saka i utval for plansaker

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune viser til §12 i jordlova og gir løyve til frådeling av omsøkte parsell på ca 2 daa..

 

 


Handsaming i Formannskapet  06.06.2007:

Signe Brenna kom med slikt forslag til vedtak:

1.                  Formannskapet vil gå imot å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for areal på ca. 2 daa under Massgarden på Linge, gnr. 1, bnr. 6, for frådeling av to tomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.

2.                  Bakgrunnen for avslaget er at ei frådeling er i strid med nyleg vedteken landbruksplan og samfunnsplan, - der det heiter at dyrka mark ikkje bør disponerast til føremål som gjer areala ueigna til matproduksjon utan at tungtvegande samfunnsomsyn krev det. Ein finn ikkje å kunne dispensere frå jordlova.

 

 

 

Det kom fram slikt forslag til vedtak:

Saka blir utsett i påvente av at kommunestyret har behandla ny reguleringsplan.

 

Det vart først røysta over utsettingforslaget:

3 røysta for forslaget

4 røysta for i mot

 

Endeleg avrøysting:

3 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall

4 røysta for innstillinga

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 06.06.2007:

Norddal kommune viser til §12 i jordlova og gir løyve til frådeling av omsøkte parsell på ca 2 daa..

 

 

Saksgrunnlag:

Det vert søkt om frådeling av 2 bustadtomter nord – aust for gardstunet. Tomtene ligg på øvresida av bygdavegen. Søknaden har vore handsama i Det faste utvalet for plansaker, men vart vedteke oversendt til formannskapet for handsaming etter jordlova.

 

Saksopplysningar:

Omsøkte parsell er på ca 2 daa og skal nyttast til bustadføremål. Det er plass til 2 bustadtomter i det aktuelle området. Det går i dag ei høgspentline over eigedomen, men den kan leggast i kabel i det aktuelle området. Næringssjefen har vore på synfaring og drøfta søknaden med grunneigaren. Grunneigaren opplyser at i det aktuelle området er det svært grunnlendt med fjell i dagen. Dette er ein av grunnane til at området verken vert nytta til frukt eller bærdyrking.

 

Kulturlandskapet på Linge omfattar både bygningar og produksjonsareal. Når det gjeld bygningar, ligg dei fleste i ei fin rekke på øvresida av gamlevegen. Søkjaren har opplyst at utforming av dei nye bygningane vil skje etter ei samla plan der ein tek omsyn til kulturlandskapet.

 

Søkjaren har også ynskje om meir busetting i denne delen av kommunen.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Det er 3 viktige moment som må vurderast i denne saka. Ein må sjå på tilstanden til det aktuelle arealet, kulturlandskapsverdiane og busettingsomsyn. Alle desse momenta kjem klart fram i jordlova. Det er spesielt § 1 og § 12 som er av interesse.

 

JORDLOVA

§ 1. Føremål

      ” Denne lova har til føremål å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

       Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.

       Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltinga av arealressursane skal vera miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter. ……..”

§ 12. Deling

       Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk kan ikkje delast utan samtykke frå departementet. Med eigedom meiner ein òg rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige. Forbodet mot deling gjeld òg forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

       Departementet kan gi samtykke dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkasting eigedomen kan gi. Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til om deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det skal òg takast omsyn til godkjende planer som ligg føre for arealbruken etter plan- og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet.

 

 

I føremålet til lova er det både dei som har yrket sitt i landbruket og samfunnet elles ein skal ta omsyn til. Busetting og kulturlandskap står også sentralt.

 

Når det gjeld § 12, går det klart fram at ein eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk ikkje kan delast utan samtykke frå departementet (kommunen). Ein kan gi samtykke til deling dersom samfunnsinteresser taler for det eller ut i frå avkastninga av eigedomen.

 

Det omsøkte arealet slik det ligg i dag er ikkje å rekne som fulldyrka mark, men kan reknast meir som grunnlendt beitemark. Busettingsspørsmålet er ei viktig sak for kommunen og her ligg det store samfunnsinteresser. Mange ynskjer i dag å etablere seg utanfor regulerte bustadområde. Når det gjeld kulturlandskapsverdiane i området, har søkjaren opplyst at dette skal det takast omsyn til. Dette er også ein prosess som kommunen har hand om i samband med byggemeldinga. 

 

På grunnlag av desse opplysningane, ser sakshandsamaren på søknaden om deling som framtidsretta og nyskapande og kan ikkje sjå at frådelinga vil kome i konflikt med viktige landbruksinteresser eller andre samfunnsinteresser i området.

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann