|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 66/2
Saksmappe: 06/00823-3
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 28.05.2007 |
Søknad om konsesjon - Kjøp
av Skuset gnr. 66 bnr. 1
Utval |
Møtedato |
|
Formannskapet |
06.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad om konsesjon av 04.12.2006
Kjøpekontrakt av 08.03.2006
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kart over området
Norddal kommune viser til konsesjonslova og gir Magne Skuseth konsesjon for kjøp av gnr. 66 bnr. 1 til ein pris av kr 800.000,-.
Handsaming i Formannskapet 06.06.2007:
Merete Løvoll Rønneberg gjekk frå som ugild – no 6 representantar.
Formannskapet gjekk samrøystes inn for slikt vedtak:
Norddal kommune viser til konsesjonslova og gir Magne Skuseth konsesjon for kjøp av gnr. 66 bnr. 1 til ein pris av kr 800.000,-. Driveplikt gjeld etter vanlege vilkår. Kommunen er innstilt på å dispensere frå buplikta.
Norddal kommune viser til konsesjonslova og gir Magne Skuseth konsesjon for kjøp av gnr. 66 bnr. 1 til ein pris av kr 800.000,-. Driveplikt gjeld etter vanlege vilkår. Kommunen er innstilt på å dispensere frå buplikta.
Magne Skuseth søkjer om konsesjon for kjøp av gnr. 66 bnr. 1 i Eidsdal. Kjøpesummen er fastsett til kr 800.000,-.
Norddal formannskap ga i møte den 15.05.2007, sak 063/07 løyve til frådeling av gardstunet på gnr. 66 bnr. 1 under føresetnad av at kommunen ga løyve til konsesjon for sal av resten av bruket som tilleggsjord til nabobruket gnr. 66 bnr. 2. Frådelinga omfatta bustadhuset og uthuset med eit samla areal på ca 1,8 daa.
Søknaden om konsesjon omfattar resten av bruket på i alt 103 daa med jordbruksareal og 180 daa skog. Søknaden omfattar også ei gamal driftsbygning frå 1940 og ein tilbygd fjøs frå 1972 og 2 siloar frå 1972. Kjøpesummen er oppgitt å vere kr 800.000,-. I søknaden går det fram at føremålet med kjøpet er å styrke driftsgrunnlaget på gnr. 66 bnr. 2.
Søknaden om konsesjon og den tidlegare delingssaka må sjåast på i nær samanheng. Den grunngjevinga som vart nytta i delingssaka kan vidareførast under handsaming av konsesjonssaka og ein går ikkje nærare inn på den her.
I samband med konsesjonshandsaming av ein landbrukseigedom, er det fleire moment som skal vurderast. Ein skal vurdere om prisen som er sett på eigedomen er riktig, men ein skal også vurdere føremålet med kjøpet og sjølve kjøparen. Dersom det er spesielle ting som ein vil endre eller justere, kan ein sette vilkår ved konsesjonen, men ein vil gjere merksam på at stat og kommune ikkje lenger har forkjøpsrett slik det var tidlegare.
Slik søknaden ligg føre har sakshandsamaren ingen merknad verken til pris eller andre tilhøve ved kjøpet.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|