NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          06/00286-11

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      24.05.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Samanslåing av vald og bestandsplan i Tafjord  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

018/06

Viltnemnda

01.06.06

 

 

Utsendte saksdokument:

Brev datert 08.05.06

Skriv frå kommunen datert 03.05.06.

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal viltnemnd syner til forskrift for forvaltning av hjortevilt og bever og kommunal plan for hjorteforvaltning. Utifrå desse kan ikkje diverre ikkje planen og avskytingsavtalen  godkjennast.

Viltnemnda vil oppmode om at dei ting som er synt til i saksutgreiinga vert retta på snarast og i god tid før neste års frist.

Dei vald som skulle vere med i planen vert i 2006 tildelt løyver for hjort på vanleg vis.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  01.06.06:

Emil-Einar Kaldhussæter gjekk frå som ugild – no 4 representantar.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

Emil-Einar Kaldhussæter tok sete att – no 5 representantar.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 01.06.06:

Norddal viltnemnd syner til forskrift for forvaltning av hjortevilt og bever og kommunal plan for hjorteforvaltning. Utifrå desse kan ikkje diverre ikkje planen og avskytingsavtalen  godkjennast.

Viltnemnda vil oppmode om at dei ting som er synt til i saksutgreiinga vert retta på snarast og i god tid før neste års frist.

Dei vald som skulle vere med i planen vert i 2006 tildelt løyver for hjort på vanleg vis.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Søknad datert 23.04.06..

Skriv frå kommunen datert 03.05.06.

Og ny søknad datert 08.05.06.

 

Saksopplysningar:

Når det gjeld skiping av bestandsplanar med avskytingsavtalar finn ein desse i  forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever i Kap 4 i § 14.

Viltnemnda har i kommunal plan for hjorteforvaltning på side 3 sett opp krav til bestandsplan.

 

I planutkastet vert det vist til §19 i same forskrift, denne §§ handlar om dispensasjon.

Kommunen fann planen lite presis og ba om at planen vart endra på spesielt to punkt.

På side to i planen vert arealet sett til 73270 dekar.

Side 7 fortel om eit uttak på 45 dyr.

 

 

Saksvurdering:

Saka har to deler samanslåing av vald og godkjenning av bestandsplan.

Det vert søkt om oppretting av STORVALD, ordet storvald skal ikkje brukast. Eit vald, lite eller stort, er eit område som juridisk sett har rett på jakt av hjortevilt. I forskrifta er aldri ordet storvald brukt.

Dei endringar kommunen bad om vart gjort er ikkje endra det er kun teljande areal på valdskjema og tal dyr i avskytingsavtalen som er endra. Planen er uendra.

Plandokumentet side 1 syner til Driftsplan for 2006 – 2009, dette vert på side 2 endra til 2006 – 2008.

På side to i planen vert arealet sett til 73270 dekar.

Slik eg forstår det så vil ikkje valda 28,36,39,40,46 og 47 vere med. Desse valda har eit teljande areal på 27100 dekar.

Det rette teljande arealet i planområdet vert då 46170 dekar.

 

Ein synes og at opplysningane om hjortestamma er mangelfulle, ikkje eit ord om tal frå teljing eller observasjonar i Sett Hjort, immigrasjon, emigrasjon eller andre ting.

Det er slike opplysningar og fakta som legg grunnlaget for kva ein kan ta ut i tal dyr, ikkje i dei fellingar som tidlegare har vore.

 

I tabellen på side 7 er tal løyver rekna ut, dette vert og heilt feil då valda som ikkje vert med og vil få 16 løyver er inntekne.

Lenger bak i plandokumentet er det sett opp tabell over fordeling av 126 løyverover ein 3-årsbolk, igjen så er dei som ikkje vil vere med medtekne.

I avskytingsavtelen derimot vert det snakka om 96 løyver i same bolk.

 

Avskytingsavtalen opplyser ikkje om årleg avskyting i tal, fordelt på alder og kjønn, men om eit sluttresultat etter tre år. Dette kan ikkje godtakast.(Sjå forskrifta §14)

 

Når det gjeld dei interne retniningsliner frå side 8 til og med side 11 i plandokumentet har ikkje kommunen noko styringsrett og heller ingen kommentar.

 

 

Likevel synes planen mangelfull i høve forskrift og kommunal plan for hjorteforvaltning og må omarbeidast. Planen skal ikkje handle om andre vald enn dei som er med, og då må ein allereie frå side 2 tak til å rette opp teljande areal og jaktfelt og elles utover i plandokumentet.

 

Ein synes det er synd når mykje arbeid er nedlagt at kommunen ikkje kan godkjenne planen.

Hadde kommunen på eit tidlegare tidspunkt vore spurt om råd og hjelp skulle det vorte ei råd med det.

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann