|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 411 A
Saksmappe: 06/00429-1
Sakshandsamar: Magne
Krogh Dato: 23.05.2006 |
Oppretting av
stegleiarstillingar ved Valldal skule
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Partsamansett utval |
06.06.06 |
|
|
040/06 |
Driftsutvalet |
14.06.06 |
|
035/06 |
Kommunestyret |
29.06.06 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Etter at forsøksperioden går ut våren 2006, vert ordninga
ført vidare gjennom at det vert oppretta tre stillingar som stegleiarar ved
Valldal skule frå 1. august 2006. Stillingane vert oppretta i samsvar med
protokoll av 15.05.06 som er inngått mellom den lokale avdelinga av
Utdanningsforbundet og Norddal kommune.
Handsaming i Partsamansett utval 06.06.06:
Nina Grøndahl reiste spørsmål om ho var ugild i saka – ho vart ikkje funne ugild.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Etter at forsøksperioden går ut våren 2006, vert ordninga
ført vidare gjennom at det vert oppretta tre stillingar som stegleiarar ved
Valldal skule frå 1. august 2006. Stillingane vert oppretta i samsvar med protokoll
av 15.05.06 som er inngått mellom den lokale avdelinga av Utdanningsforbundet
og Norddal kommune.
Etter at forsøksperioden går ut våren 2006, vert ordninga
ført vidare gjennom at det vert oppretta tre stillingar som stegleiarar ved
Valldal skule frå 1. august 2006. Stillingane vert oppretta i samsvar med
protokoll av 15.05.06 som er inngått mellom den lokale avdelinga av
Utdanningsforbundet og Norddal kommune.
Etter at forsøksperioden går ut våren 2006, vert ordninga ført vidare gjennom at det vert oppretta tre stillingar som stegleiarar ved Valldal skule frå 1. august 2006. Stillingane vert oppretta i samsvar med protokoll av 15.05.06 som er inngått mellom den lokale avdelinga av Utdanningsforbundet og Norddal kommune.
Det har sidan 01.08.01 vore drive forsøk med alternativ leiing ved Valldal skule. Inspektørstillinga vart erstatta med tre stegleiarar. Ein for kvart av dei tre hovudtrinna. Då forsøket vart sett i gong, var det nødvendig å søkje om å få inngå eigen avtale fordi hovudtariffavtalen ikkje gav rom for å erstatte undervisningsinspektøren med stegleiarar. Seinare er dette endra slik at det i Hovudtariffavtalen er rom for dette. 01.08.05 vart det tilsett ny rektor ved skulen. Det er no tid for å formalisere korleis resten av leiinga skal vere organisert i tida frametter.
Avtale om å gjennomføre forsøk med tre stegleiarar i staden for undervisningsinspektør vart forhandla fram i møte mellom KUF, NL og Lærerforbundet 21.08.01.
I protokollen heiter det:
Forsøket
godkjennes for perioden 01.08.01- 31.07.03 i henhold til preliminær avtale på
kommunenivå av 10.05.01 med unntak av bestemmelsen om å bruke
avdelingslederkoden i statens lønnsplanshefte til å avlønne trinnledere. Bruk
av denne forutsetter at det ved skolen allereie er undervisningsinspektør. Det
er ikke hjemmel for å godkjenne avvik frå Hovedtariffavtalen. Avlønning av
trinnleder 3 ltr over det de ville hatt i ordinær lærerstilling pluss
eventuelle funksjonstillegg, kan likevel godkjennes.
Seinare har det av praktiske årsaker vore semje om å forlenge prøveperioden. Evalueringar undervegs har vist at dette er ei organisering som har fungert godt og som ein ønskjer skal halde fram.
Arbeidet med nye læreplanar og store krav til fornying og vidareutvikling av organisasjonen gjer det nødvendig å avslutte prosjekt og forsøksordningar som etter planen skulle vore avslutta. Dette må gjerast for at energi og krefter kan brukast på nye tiltak og prosjekt. Det er difor nødvendig å avslutte perioden med forsøk knytt til administrativ organisering og ta avgjerd på om modellen med tre stegleiarar frå forsøksperioden skal førast vidare. Alternativet er å gå tilbake til ein meir tradisjonell ordning med inspektør.
At leiargruppa ved skulen utgjer 4 personar i staden for 2, er med på å sikre kvaliteten av arbeidet ved skulen. Det gjer at fleire er involverte i planlegging og fastlegging av meir langsiktige strategiar. At tre av desse er direkte kopla til kvar steg, gjer at både kjennskapen til kva som går føre seg i skulekvardagen og evna til å påverke dette er god i leiargruppa. Dette gjer og at kvart trinn i stor grad blir i stand til å administrere seg sjølv og at t.d. problematikkar knytt til miljøet kan bli oppdaga og gjort noko med på eit tidleg stadium.
Det er all grunn til å tru at ekstern rekruttering av godt kvalifiserte leiarar kan bli ei utfordring i ei utkantkommune som vår. Ein strategi for å byggje opp kompetanse på leiing i eigne organisasjon, kan difor bli svært viktig å etablere. Modellen med stegleiarar kan fungere slik om stegleiarane også blir tillagt meir generelle administrative oppgåver som går utover oppgåver knytt til eige trinn. Dette er også viktig for at dei skal kunne fylle funksjonen som ”stedfortreder” for rektor når denne ikkje er til stades. Skulen er i ferd med å etablere rutinar på fleire områd basert på den modellen med stegleiarar og er komen langt i dette arbeidet.
Faste møte for planlegging og organisering er viktige for at denne organisasjonsmodellen skal fungere. Vidare er det viktig å vere klar over at denne modellen, også som ein strategi for å i større grad kunne rekruttere leiarar, krev opplæring av fleire personar. Det inneber ein kostnad som må vurderast opp mot dei totale kostnadene knytt til i større grad å satse på å rekruttere leiarpersonell utanfrå.
Med bakgrunn i dei uttalene som er vedlagt og i det som er nemnt ovanfor, vil eg tilrå at ordninga med tre stegleiarar blir ført vidare ved Valldal skule. Stillingane bør lysast ut internt våren 06 med sikte på at dei tilsette går inn i stillingane når skuleåret 06/07 tek til.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|