|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 04/00877-9
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 29.06.05 |
Reguleringsplan for
Nedstestølen. Handsaming 3.gong
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
04.07.05 |
|
|
071/06 |
Det faste utvalet for plansaker |
27.11.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Merknad frå Statens vegvesen, dagsett 28.02.05 |
|
|
2 |
Merknad frå Fosselia Sameige og Nestestøl sameige, dagsett 22.03.05 |
|
3 |
Merknad frå Møre og Romsdal fylke, dagsett 31.03.05 |
|
4 |
Plankart og føresegner, dagsett 07.01.91, sist revidert 27.06.05 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Det faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere endringar i
planframlegget i samsvar med kommentar i saka.
2. I samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova vert framlegg til reguleringsplan for Nedstestølen å legge ut til offentleg ettersyn i 30 dagar i samsvar med plankart og føresegner dagsett 07.01.91, sist revidert 27.06.05.
1. Det faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere endringar i planframlegget i samsvar med kommentar i saka.
2. I samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova vert framlegg til reguleringsplan for Nedstestølen å legge ut til offentleg ettersyn i 30 dagar i samsvar med plankart og føresegner dagsett 07.01.91, sist revidert 27.06.05.
Framlegg til reguleringsplan for Nedstestølen har lege ute til offentleg ettersyn i tida 23.02. – 22.03.05. Det er kome 3 merknader til saka.
Ingen merknad.
Merknadene er sett opp punktvis og refererer til reguleringsføresegnene.
1. Området ligg i Fosselia og er eigd i fellesskap (§ 1)
2. Presisere at det gjeld stølsområdet på sørsida av elva (§ 2)
3. § 2 b bør gå ut. Det er nok at sakene blir handsama lokalt.
4. § 2 c bør gå ut. Det bør ikkje automatisk vere lov å sette opp nye hus på gamle tufter.
5. Det kan vere uheldig at det står maks storleik 60 m2 for gamlestølen (§ 2d).
6. Presisere at byggeområde for hytter ligg i Fosselia (§ 3).
7. Tomtene er ein rett til å ha hus ståande, men vert ikkje frådelt sameiget (§ 3 b)
8. Til § 3 e: Nytte omgrepet bygningane og ikkje tomtene. Ny § 3 e: Det er ikkje høve til inngjerding av bygningane.
9. Til § 4 om skredfare. Take ut denne dersom det ikkje er eit krav at det skal stå der.
10. Om parkering (§ 5). Det er ikkje behov for meir parkering. Gjesteparkering kan leggast 200 m lenger sør i felles grustak.
11. Ny generell paragraf om at endringar skal godkjennast av sameiget og kommunen.
12. 1 hytte som var med tidlegare er ikkje med på plankartet, men bør inn.
Pkt.1 er greitt og kan takast inn i § 1.
Pkt.2 er greitt og kan takast inn i § 2.
Pkt.3 om § 2 b. Dette gjeld sakshandsaminga der byggesaker skal leggast fram for fylkeskonservatoren. Dette er etter føresegnene til kommuneplanen og kan ikkje endrast i reguleringsplanen.
Pkt.4 om nye hus på gamle tufter. På møte med delar av styret var ein samde om at denne paragrafen skal stå.
Pkt.5 om maks storleik 60 m2 treng ikkje stå under det gamle stølsområdet. Det går ut.
Pkt.6. Byggeområde ligg i Fosselia gnr 15 bnr 9.
Pkt.7. Formuleringa blir knytt til § 3 b.
Pkt.8 blir endra i samsvar med merknaden.
Pkt. 9 må stå slik. Kommunen kan vurdere om hus kan stå i skredområdet og kan ta det atterhaldet at det berre skal vere for sommarbruk.
Pkt. 10 om parkering. Dette vert teke ut av fellesføresegnene.
Pkt.11 i fellesføresegnene blir det teke inn om godkjenning av bygg. Bruk av jordlova blir og lagt inn her.
Til plankartet. Dette blir kommentert under merknad frå fylket.
Det blir lagt fram forslag om at området blir teke ut av landskapsvernområdet og heller blir styrt av reguleringsplanen.
Tre hytter bør trekkast lenger unna stølen.
Det må vere ei meir presis formulering enn ”sommarbruk” for nye bygg i fareområde. Det er forslag til endra formulering som går på grenseverdiar for skredfare.
Ut i frå at Valldøla er eit verna vassdrag bør elva og kantsona mot elva vere regulert som friluftsområde.
Felles parkeringsplass bør visast i reguleringsplanen.
I tillegg til desse tre hyttene som må flyttast, peiker styret i sameiget på at 1 annan hytte er ikkje kome med og bør inn i planen. På møte var det semje om å plassere 2 på det øvre byggeområdet opp langs elva , og vidare forlenge byggeområdet sørover lengst nede til å omfatte 2 hytter til.
Om bygging i fareområde nyttar ein formuleringa i merknaden.
Elva langs med og kantsona blir regulert som friluftsområde.
Parkeringsplass går ut.
Planframlegget blir lagt fram til handsaming i samsvar med kommentarane til merknadene. Endringane er så vidt omfattande at det krev ei ny utlegging.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|