|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 614
Saksmappe: 06/00045-4
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 23.05.2007 |
Tilpassing til
funksjonshemma - Valldal samfunnshus
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
06.06.07 |
|
|
038/07 |
Kommunestyret |
28.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Norddal kommune aukar budsjettramma til heis på Valldal samfunnshus med netto 300.000 kr.
2. Ansvar 6114 ”Industribygg i Djupøyna” blir redusert med 300.000 kr til 3.265.000 kr.
Ansvar 2101 ”Valldal skule” blir netto auka med 300.000 kr
1. Norddal kommune aukar budsjettramma til heis på Valldal samfunnshus med netto 300.000 kr.
2. Ansvar 6114 ”Industribygg i Djupøyna” blir redusert med 300.000 kr til 3.265.000 kr.
Ansvar 2101 ”Valldal skule” blir netto auka med 300.000 kr.

Det er sett av 400.000 kr på investeringsbudsjettet for å få på plass heis på Valldal samfunnshus. I tillegg har ein fått tilsegn om 200.000 kr frå Husbanken gjennom ordninga ”Fjerne 100 hindringar”.
Tala som var sett ned har kome fram gjennom eit skisseprosjekt som vart laga i 2004, og seinare justert i 2006 av John Stavseng. Arbeidet har no vore ute på anbod, og ein har planar om å få gjennomført prosjektet i løpet av sommaren, jfr. vedtak.
Totalkostnaden blir 300.000 kr høgare enn det ein først skisserte. Dette her fleire årsaker:
· Det har den seinare tida vore ei generell og betydeleg auke på bygningsmateriell. I tillegg er det ein svært pressa arbeidsmarknad, og problem med å få ta i arbeidsfolk.
· Ein lagar no til handikap-wc i andre etasje.
· Det blir ny inngangsdør med trykknapp som gjer at døra opnar seg automatisk ved behov. Denne funksjonen kan ein låse av til dagleg når behovet ikkje er til stades.
Det er viktig å til rette bygget best muleg for funksjonshemma. Det vil no få eit løft, og gjer at alle vil kunne ta del i det som skjer på huset. I tillegg får ein skifta ut inngangsdøra som uansett må skiftast ved ei rehabilitering av bygget. Det er fornuftig å sjå desse tinga i samanheng, og utføre arbeidet samtidig.
Løyving og finansiering kan skje innanfor dei rammene som vart vedtekne for året 2007.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|