NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    611

Saksmappe:          03/00627-6

Sakshandsamar:  

Dato:                      23.05.06

 

Møtebok

                                  

 

Tilrettelegging for industriføremål i Djupøyna  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

060/06

Formannskapet

29.05.06

 

Utsendte saksdokument:

Brev frå Rempro datert 28.04.06

Plan sak 03/ 444 – Tomtedelingsplan Djupøyna

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

KS sak 06/ 88 – Muriparken

Plan sak 03/ 190 – Reguleringsendring Valldal Vest

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Norddal Kommune vil straks gå i gang med planlegging av industribygg i Djupøyna industriområde, fristilt frå FDV-bygget som skal realiserast der.
  2. Det vert tatt sikte på eit bygg på om lag 500 kvm, med tilhøyrande tomteareal grovt vurdert til 1 daa.
  3. Bygget, som skal nyttast til nyetablerarar eller stette auka behov hos eksisterande bedrifter i kommunen, skal kunne leigast ut for 3 - maks 5 år, må ha fleksibilitet i høve ulike brukarar.
  4. Leigetakarar får etter leigeperioden fortrinnsrett til evt. Kjøp av aktuell tomt i Djupøyna industriområde.
  5. Det skal utarbeidast eigen leigeavtale for kvar aktuell leigetakar.
  6. Rådmannen skal kartlegge mulege leigetakarar og rådføre seg med desse i utforminga og tilrettelegginga av bygget. Deretter skal det leigast inn arkitekt for utarbeiding av romprogram og kostnadsoverslag (forprosjekt).
  7. Saka skal leggjast fram for kommunestyret til handsaming hausten 2006, med sikte på ferdig prosjektering og oppstart før 1 januar 07.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  29.05.06:

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

Pkt. 1:  Som innstillinga.

Pkt. 2:  Som pkt. 6 i innstillinga.

Pkt. 3:  Vilkår for utleige event. sal vert å kome attende til innan utgangen av 1. halvår 2006.

Pkt. 4:  Vedteken tomtedelingsplan må om nødvendig endrast på bakgrunn av nye føresetnader.

 

Røysting:

0 røysta for innstillinga

7 røysta for ordføraren sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 29.05.06:

1.   Norddal Kommune vil straks gå i gang med planlegging av industribygg i Djupøyna industriområde, fristilt frå FDV-bygget som skal realiserast der.

  1. Rådmannen skal kartlegge mulege leigetakarar og rådføre seg med desse i utforminga og tilrettelegginga av bygget. Deretter skal det leigast inn arkitekt for utarbeiding av romprogram og kostnadsoverslag (forprosjekt).
  2. Vilkår for utleige event. sal vert å kome attende til innan utgangen av 1. halvår 2006.
  3. Vedteken tomtedelingsplan må om nødvendig endrast på bakgrunn av nye føresetnader.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Formannskapet har bede administrasjonen om å legge fram sak der kommunen vurderer å bygge nytt industribygg for utleige i Djupøyna. Dette på bakgrunn av mottatt brev frå Rempro.

 

Kommunestyret vedtok den 16.02.2006 plan for Muriparken (KS 06/88). Underpunkt nr. 9 omtalar industribygg:”FDV si verksemd i Hovebygget og brannstasjonen vert å flytte og reetablere i industriområdet på Djupøyna innanfor ei kostnadsramme på 8 mill kroner. I samband med denne etableringa skal også vurderast bygging av utleigebygg for industriføremål. Opparbeiding av naudsynt manglande infrasturktur i Djupøyna må prioriterast”.  

 

Saksopplysningar:

Området Murigrandane var fram til 2003 regulert med mulegheit for industriføremål. Etter den tid har statusen endra seg til serviceføremål.

 

Industriområdet i Djupøyna er ferdig regulert og ligg inne på investeringsbudsjettet. Arbeida med opparbeiding av infrastruktur er enno ikkje påbegynt. Tomtedelingsplan er utarbeidd og vedteken. 

 

Etter at kommunen endra føremålet for Murigrandane, har ein fjerna fleire industribygg og pålagt delingsforbod. Området vert betre tilrettelagt for serviceføremål, men kommunen får ein netto reduksjon i areal for industriføremål.

 

Bedrifta Rempro er representativ for situasjonen i kommunen. Etter overtaking av delar av produksjonen til Laader Berg, flytta Stein Inge Rem verksemda til butikklokalet i Fjørå. Heilt sidan overtakinga har ein forsøkt å finne anna eigna produksjonslokale, utan å lykkast her i kommunen. Rempro ekspanderer og i brev datert 28.04.2006 utfordrar han Norddal Kommune til å bidra til løysing.

 

Oppføring av eit isolert industribygg på 500 m2, vil koste anslagsvis 5 mill. kroner. (inkl mva)

Infrastruktur kjem i tillegg.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Oppstart av eiga produksjonsverksemd er krevjande. Med produktet i sentrum treng ein stor grad av fokus på produktutvikling, marknadsføring, og investering i maskiner til foredling av varene. Dette er stort sett gjeldande for foredlingsindustrien.

 

Norddal Kommune har prioritert kunnskap og serviceorientert tenesteproduksjon, og skal gjennom den nye reguleringsplanen tilretteleggje for ei heilskapleg utvikling av dei sentrumsnære områda. Dette er viktig for dei fleste næringar i kommunen, som vil hauste synergiane av satsinga rundt NAKUHEL.

 

Industribygget i Eidsdal vert i dag ikkje nytta til industriføremål. Det er no lager for eit privat føretak og kommunen ved FDV. Av aktuelle leigetakarar, vert pendling og fergeutgifter i samband med frakt halde fram som negative argument.

 

Lokal tilgang på rimelege og eigna industriareal vil vere ein føresetnad for vekst i industriell verksemd. Marknadene vert meir segmenterte, og her ligg mulegheiter for å utvikle nisjeprodukt. Skal Norddal kommune få del i nyetableringar, bør ein kunne tilby både industrilokale og -areal.

 

Kommunen har mulegheit til å få rimelegare lån enn private, og kan sjå på investeringa i eit langsiktig perspektiv. Med gradert husleige kan ein stø opp om nyetablerarar, og gjennom husleigeavtale avgrense varigheita.

 

Tilrettelegging for næringsutvikling er ein samansett mosaikk, og tilgang på eigna areal og grunn er viktig for både teneste- og industriproduksjon. Rådmann ser det slik at regulert område i Djupøyna no må takst i bruk å innstiller på å i møtekome lokalt næringsliv med fyljande innstilling:

 

§        Norddal Kommune vil straks gå i gang med planlegging av industribygg i Djupøyna industriområde, fristilt frå FDV-bygget som skal realiserast der.

§        Det vert tatt sikte på eit bygg på om lag 500 kvm, med tilhøyrande tomteareal grovt vurdert til 1 daa.

§        Bygget, som skal nyttast til nyetablerarar eller stette auka behov hos eksisterande bedrifter i kommunen, skal kunne leigast ut for 3 - maks 5 år, må ha fleksibilitet i høve ulike brukarar.

§        Leigetakarar får etter leigeperioden fortrinnsrett til evt. Kjøp av aktuell tomt i Djupøyna industriområde.

§        Det skal utarbeidast eigen leigeavtale for kvar aktuell leigetakar.

§        Rådmannen skal kartlegge mulege leigetakarar og rådføre seg med desse i utforminga og tilrettelegginga av bygget. Deretter skal det leigast inn arkitekt for utarbeiding av romprogram og kostnadsoverslag (forprosjekt).

§        Saka skal leggjast fram for kommunestyret til handsaming hausten 2006, med sikte på ferdig prosjektering og oppstart før 1 januar 07.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann