NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    1/1/1

Saksmappe:          06/00325-2

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      23.05.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Reguleringsendring - Hyttefelt på Linge  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

033/06

Det faste utvalet for plansaker

29.05.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad dat. 30.03.06 vedk. auke på BYA frå 100 m2

Reguleringsføresegnene for Hyttefelt på Linge

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Gjeldande reguleringskart for Hyttefelt på Linge

 


Rådmannen si innstilling:

I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek  Det faste utvalet for plansaker å fremme forslag til  reguleringsendring for Hyttefelt på Linge, gnr. 1, bnr. 1.

Endringa gjeld å auke hytteareal til inntil 20 % BYA.

 

Forslaget til reguleringsendring vert lagt ut til ettersyn i perioden 31.05. – 23.06.06.

 

Eventuelle merknader skal vere skriftleg og sendast Norddal kommune, Det faste utvalet for plansaker, Rådhuset, 6210 Valldal.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  29.05.06:

Signe Brenna sette fram slikt forslag til vedtak:

Endring av reguleringsføresegner utover små justeringar i allereie vedtatte arealplanar,

er ikkje tilrådeleg.

 

Røysting:

6 røysta for innstillinga

1 røysta for framlegget frå Signe Brenna som fall

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 29.05.06:

I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek  Det faste utvalet for plansaker å fremme forslag til  reguleringsendring for Hyttefelt på Linge, gnr. 1, bnr. 1.

Endringa gjeld å auke hytteareal til inntil 20 % BYA.

 

Forslaget til reguleringsendring vert lagt ut til ettersyn i perioden 31.05. – 23.06.06.

 

Eventuelle merknader skal vere skriftleg og sendast Norddal kommune, Det faste utvalet for

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Søknaden dagsett 30.03.06 frå H.I. Bygg AS gjeld eigentleg dispensasjon frå reguleringsføresegnene § 2.1 for Hyttefelt på Linge som fastset at tillat bebygd areal (BYA) maksimalt 100 m2.

Søknaden går på at ein skal gå over til å definere utnyttingsgrad på tomta til 16,5 % BYA.

 

Saksopplysningar:

Reguleringsføresegnene § 2.1 for Hyttefelt på Linge har mellom anna slik ordlyd:

 

-Tillate bebygd areal BYA=10% i 1 etasje + loftsplan, maksimalt 100 m2 BYA.

Der tomtane er små og landskapet tilseier at det kan byggast større enn BYA=10% kan dette godtakast.

Det kan i tillegg oppførast eit frittståande uthus med tillate bebygd areal BYA=10 m2 i ein etasje.

 

Reguleringsplanen for hyttefeltet er frå 1997 med ei revidering av plan og føresegner i 2001.

 

Det som løyser ut denne saka er ynsket frå eigar av tomt nr. 12 i feltet, Svein Hellandsvik, om å lage takoverbygde uteplassar og såleis overskride reguleringsplanen sine krav om maksimalt 100 m2 BYA.

Saksvurdering og konklusjon:

Saka har vore drøfta med grunneigar Sigurd Linge. Linge kunne opplyse at fleire av hytteigarane i hans hyttefelt har lufta planar om mindre tilbygg, takoverbygg osv. og såleis var det naturleg å prøve saka om reguleringsendring i staden for å ha mange søknadar om dispensasjonar frå arealkravet i planen.

Fleire av tomtane i dette hyttefeltet har ein storleik på 700-800 m2 og ein utnyttingsgrad på til dømes 16,5 % BYA vil då tilsvare 115 m2– 132 m2 BYA.

Det har vore klare politiske signal om å akseptere større hytter enn tidlegare i kommunen, og i dei nyaste hyttefelta har ein  hyttestorleik på BYA 20 % (Hagardshjellen) og BYA  25% (Lingås).

 

Administrasjonen har lenge hatt den haldninga til storleik på bygningar, at det er tomten sin storleik og form m.v. som skal vere avgjerande for storleiken på bygninga.

Det synest å vere ein generell tendens å bygge maksimalt tillate, og arealreglane (BYA) gjer då til dømes at på ein tomt der det fagleg var best å bygge i vidda, vert i staden i bygt i høgda. Altså  vi får eit meir ruvande bygg i staden for eit som ligg mot terrenget.

 

Ideelt sett burde reguleringsplanane vere så gjennomarbeidde at hovudform på bygget, storleik og etasjetal var fastsett for den eiskilde tomt. Då hadde det også vore lettare å gjere dei tiltreisande nybyggarane innblikk i vår byggeskikk og tradisjon.

 

Det faste utvalet for plansaker kan no berre vedta forslag til reguleringsendring, vedtak kan ikkje gjerast før dei planen vedkjem har hatt høve til å uttale seg/vere aktivt med i reguleringsprosessen, jfr. § 28-1 nr. 4 i PBL.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann