NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    223

Saksmappe:          06/00407-2

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      22.05.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Tilskot til Midtnorsk Barnefestival  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

046/06

Driftsutvalet

14.06.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Midtnorsk barnefestival, datert 11.05.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune kjøper ei halv sides annonse i festivalavisa til kr 5.000, og gir eit direkte tilskot på kr 10.000 til arrangementet.

2.      Midlane vert å ta frå kulturbudsjettet, konto 1472.2403 ”Tilskot til lag og organisasjonar”.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  14.06.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 14.06.06:

1.      Norddal kommune kjøper ei halv sides annonse i festivalavisa til kr 5.000, og gir eit direkte tilskot på kr 10.000 til arrangementet.

 

2.      Midlane vert å ta frå kulturbudsjettet, konto 1472.2403 ”Tilskot til lag og organisasjonar”.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

Saksgrunnlag:

Midtnorsk barnefestival skal arrangerast for første gong i Valldal helga 5.-6. august 2006. Dei søkjer om  10.000 kr til heilsides annonse i festivalavisa, og 10.000 kr i direkte driftsstøtte.

 

Saksopplysningar:

Det er Lise Lotte Larsen og Gro Marita Valdal som står bak denne ideen. Dei har sakna eit tilbod berre for barn, og har no knytt kontakt med KTV i Bergen. Dette er eit firma som driv og arrangerer barnefestivalar, og dei har no teke på seg å stå som hovudarrangør. Inntektsmulegheitene blir mindre, men også den økonomiske risikoen som er stor når ein slik festival skal avviklast for første gong.

 

Arrangørane meiner at marknaden er stor, spesielt med tanke på at dei to andre store barnefestivalane blir arrangert i Oslo og Bergen. Det skal vere underhaldning og aktivitetar to heile dagar, og alt er retta inn mot den yngre garde.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Kommunen har signalisert at ein ønskjer nye arrangement velkomen, og ønskjer å stimulere desse i ein oppstartfase. Eksisterande arrangement står på eigne bein i kommunen etter at dei har fått starthjelp første åra. Ei viktig rolle for kommunen er å stimulere til nytenking, og at folk tør å prøve ut nye tankar.

 

Det er gjort eit grundig forarbeid, og ein har fått mange medspelarar med på prosjektet. Ein har lagt til og trekt frå ulike element, og meiner no å ha funne ei løysing som gjer det realiserbart.

 

Ei festivalavis blir trykt før møtet er halde, og ein har difor ikkje høve til å imøtekome søknaden om ei heilsides annonse i festivalavisa. Administrasjonen har berre høve til å gi tilskot opp til 5.000 kr. Ein har difor gått inn på ei halv sides annonse.

 

Søknaden som ligg føre er spenstig, og første året har ein ikkje noko å samanlikne seg med. Kostnadene er store, og heile arrangementet er veravhengig. Det er difor ein stor økonomisk risiko. Kommunen bør vere ein aktiv medspelar i denne fasen.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann