|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L82
Saksmappe: 06/00088-12
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 22.05.2006 |
Tomt i Djupøyna til Remseth
Maskin
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.05.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Formannskapet 29.05.06:
Signe Brenna, Nl kom med endringsforslag i pkt. 2 om at varaordførar også skal delta i drøftingane.
Det vart først røysta
over Brenna sitt endringsforslag i pkt. 2:
2 røysta for Brenna sitt endringsforslag i pkt. 2 som fall
5 røysta i mot
Ordføraren kom med forslag om at pkt. 2 skal lyde slik:
Ordføraren og rådmannen får fullmakt til å gå kartleggje behov og ønskje med Valldal Auto og Remseth Maskin med sikte på å få fram gode alternativ som sikrar vidare framhald av drifta i begge bedriftene, også planlagt utviding av verksemda.
Det vart røysta over
ordføraren sitt endringsforslag i pkt. 2:
5 røysta for forslaget
2 røysta i mot
Endeleg avrøysting:
Pkt. 1, 3 og 4 vart samrøystes vedteke
Pkt. 2: Ordføraren sitt endringsforslag vart vedteke mot 2 røyster
1. Formannskapet viser til dei vedtak som er gjort m.o.t. utvikling av Muriparken når det gjeld reguleringsføremål og nedlegging av byggje- og deleforbod.
2. Ordføraren og rådmannen får fullmakt til å gå kartleggje behov og ønskje med Valldal Auto og Remseth Maskin med sikte på å få fram gode alternativ som sikrar vidare framhald av drifta i begge bedriftene, også planlagt utviding av verksemda.
3. Remseth Maskin vert stilt i utsikt ei industritomt på om lag 4 mål i Djupøyna industriområde etter nærare avtale.
4. Evt. avtalar av økonomisk karakter eller forhandlingar om grunnkjøp/grunnavståing skal fremjast til politisk avgjerd, og forhandlingsutvalet skal koplast inn der dette er naturleg.
Bakgrunnen for saka er å finne i vedtaka som er gjort m.o.t. utvikling av Muriparken, der område som tidlegare har vore regulert til industriføremål, no vert endra til område for serviceføremål. Samstundes er det lagt ned byggje- og deleforbod medan reguleringsplanarbeidet gjeng føre seg. Dette har skapt problem for bedriftene Valldal Auto og Remseth Maskin, som har tenkt utviding av verksemda.
Det har vore halde møte med bedriftene 28. februar (rådmann og kommuneplanleggjar) og 18. mai (ordførar og rådmann) med tanke på å drøfte ulike problemstillingar og å sjå om det finst alternative løysingar. Kommunestyret vart i møte 11. mai orientert om at ordføraren hadde tatt initiativ til slikt møte.
Etter siste møte er det kome fram at bedriftene ønskjer meir konkrete diskusjonar med tanke på kva alternativ som kan vere aktuelle. På bakgrunn av dette finn rådmannen det naturleg at formannskapet vert orientert og kan gje tilråding for vidare arbeid i saka.
Ordførar og rådmann vil kunne gje supplerande opplysningar i møtet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|