|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C50
Saksmappe: 05/00310-11
Sakshandsamar: Stig
Holmstrøm Dato: 22.05.2006 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.05.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Referat frå møte 16.05.06 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet tar orienteringa om oppretting av interimsstyre for nasjonalt skredsenter i Tafjord til vitande, og ber om å bli halde orientert om vidare framdrift i saka.
Handsaming i Formannskapet 29.05.06:
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Det vert ikkje oppstart med forprosjekt til eit skredsenter før prosjektet ”Galerie Tafjord” er vedtatt. Dette for å sjå innhaldet i prosjektet ”Galerie Tafjord” og dei økonomiske konsekvensane dette prosjektet gir for kommunen.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
Pkt. 1: Som innstillinga.
Pkt. 2: Norddal kommune ynskjer å vere ein bidragsytar for å få realisert eit skredsenter, så sant forholda ligg til rette for dette. Formannskapet vil likevel presisere at kommunen ikkje kan binde seg til å gje økonomiske løyvingar for å få fram, og seinare drøfte eit slikt senter.
Det vart først røysta
over Brenna sitt forslag
1 røysta for forslaget som fall
6 røysta for innstillinga
Det vart røysta over
Løvoll sitt tilleggsforslag pkt. 2:
1 røysta for tilleggsforslaget som fall
6 røysta i mot
Formannskapet tar orienteringa om oppretting av interimsstyre for nasjonalt skredsenter i Tafjord til vitande, og ber om å bli halde orientert om vidare framdrift i saka.
Ideen om eit skredsenter i Tafjord har ei lang historie. Rådmannen reknar med saka er godt kjent blant formannskapet sine medlemmar, og tar her ikkje opp att bakgrunnen. Det er tidlegare utarbeidd fleire prosjektskisser som har vore med på å vidareutvikle den opphavlege tanken bak eit skredsenter, og etter at ein no har avklara grensesnittet mellom skredsenteret i Tafjord og beredskapssenteret i Stranda, er det nå grunnlag for å gå vidare i arbeidet. Senteret i Stranda skal ha fokus på overvaking og beredskap medan senteret i Tafjord skal vere retta mot publikum og ha fokus på informasjon og kunnskapsformidling i vidaste forstand om fjell og fjellskred.
Ut frå ovanståande inviterte kommunen ulike ”interessentar” i saka til eit møte 16. mai for å diskutere korleis ein kan kome vidare i saka, og for å oppnemne eit interimsstyre. Innhaldet i møtet vil gå fram av vedlagte referat. Her skal kort berre nemnast klar vilje frå alle deltakarane til å gå vidare med prosjektet, og at følgjande interimsstyre vart oppnemnd:
Stig Holmstrøm, rådmann
Astor Furseth, lokalhistorikar/idemakar
Oddfrid Tafjord, formannskapet
Oddbjørn Lianes, Tafjord Kraft
Inntil vidare vil næringssjef Per Grimstad fungere som sekretær for interimsstyret.
Etter mange år med utgreiingar og diskusjonar kring eit evt. skredsenter i Tafjord, er det no på tide at ein søkjer å få fram eit endeleg prosjekt for avgjerd. Interrimsstyret si primære oppgåve framover vil difor vere å finne finansiering for eit forprosjekt som gir grunnlag for avgjerder m.o.t. lokalisering, finansiering (investering og drift) og organisering. Mykje av det grunnlaget som finst i tidlegare utgreiingar, m.a. frå Astor Furseth og MRB v/Knut G. Iversen, vil kunne nyttast som bidrag i forprosjektet.
Interimsstyret har også fått i oppgåve å førebu ein presentasjon for fylkesutvalet under deira vitjing i kommunen 16. juni.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|