|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 423
Saksmappe: 06/00573-12
Sakshandsamar: Magnhild Grønningsæter Dato: 21.05.2007 |
Plan for seniorpolitiske
tiltak
Utval |
Møtedato |
|
Arbeidsmiljøutvalet |
30.05.07 |
|
007/07 |
Partsamansett utval |
30.05.07 |
074/07 |
Formannskapet |
06.06.07 |
005/07 |
Eldrerådet |
25.06.07 |
040/07 |
Kommunestyret |
28.06.07 |
Utsendte saksdokument:
- Planutkast
- Mottekne innspel frå FO og Fagforbundet
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Arbeidsmiljøutvalet 30.05.07:
Delt ut i møtet:
Innspel frå Fagforbundet og FO.
Presisering av punkt 8. Endring av ordlyd i avsnitt under andre kulepunkt.
Røysting:
AMU godkjenner planen slik den ligg føre mot 3 røyster
Handsaming i Eldrerådet 25.06.2007:
Eldrerådet gir slik uttale:
Eldrerådet sluttar seg til forslaget om plan for seniorpolitiske tiltak.
Eldrerådet sluttar seg til forslaget om plan for seniorpolitiske tiltak.
Det er nedfelt i Hovedtariffavtalen at kommunane skal utvikle ein eigen seniorpolitikk.
Plan for seniorpolitiske tiltak inngår som ein del av kommunen sitt samla planverk knytt til personalpoltikk.
Det er ulike definisjonar på når ein skal reknast som senior. I Norddal kommune har vi i denne omgang sett målgruppa som tilsette over 55 år, med konkrete forslag til tiltak frå fylte 62 år.
Målsettinga er at seniorpolitikken skal vere integrert i kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk.
Tilrettelegginga skal bidra til å halde på kompetente medarbeidarar etter fylte 62 år og vere eit alternativ til tidleg pensjonering.
I Norddal kommune har det vore sett ned ei arbeidsgruppe til å utarbeide ein plan for seniorpolitiske tiltak. Gruppa har vore samansett av eitt medlem frå AMU, tillitsvalde frå Utdanningsforbundet og Fagforbundet, samt personalrådgjevar. Gruppa har knytta til seg eksterne og interne bidragsytarar etter behov. Planutkastet har vore sendt ut på høyring i organisasjonen.
NAV har vore rettleiar i prosessen. Tilsette som kan definerast som seniorar har vore inkludert i prosessen gjennom informasjonsmøter, kartlegging m.m.
Den konkrete tiltaksdelen inneber ulike forslag til tiltak som kan vere eit alternativ framfor evt. AFP før pensjonsalder. Ordninga med AFP inneber ein stor årleg kostnad for kommunen.
Etter opplysningar frå lønskontoret kan dette samanfattast slik:
Statens pensjonskasse (SPK):
Premie til AFP ordning vert utlikna
på alle kundar i SPK. Ein premiesats for all førtidspensjonering, 62-66 år.
Premiesats 2007: 2,49 % av
premiemiegrunnlag; pensjonsgjevande lønn:
Premiegrunnlag p.t.: kr 15.000.000
Premie AFP for
2007
kr 375.000
Kommunal Landspensjonskasse
(KLP):
3 delt innkreving -
For AFP 62-64 år har Norddal kommune valgt 50 % utjamning, d.v.s. at KLP
krev inn 50 % av kostnad i form av ein fast premiesats og 50 % av reelt
utbetalt pensjon.
-
Premiesats 2007: 0,525 % for 50 % av premiegrunnlag; pensjongjevande lønn
o
o
Premiegrunnlag p.t. 45.000.000
o
o
Premie AFP 62-64 år for 2007
kr 240.000
-
Utbetalt pensjon 50 % av reell utbetaling:
om lag kr 70.000 pr person
AFP 65-66 år vert utlikna på
alle kundar i KLP
Premiesats 2007: 0,55 % av
premiegrunnlag, pensjonsgjevande lønn
Premiegrunnlag p.t.: kr 45.000.000
Premie AFP 65-66 år for 2007
kr 250.000
Etter reknestykket går det fram at det er den 50% delen til KLP som kan bli redusert dersom tilsette vel seniorpolitiske tiltak framfor AFP.
Eks. på kostnad, ut frå samla årsløn kr. 300.000:
omlag kr
60.000
Ein ser at ulike val av alternativ får ulike økonomiske konsekvensar for arbeidsgjevar.
Alternativ til tiltak som er sett opp, er i samsvar med svar frå respondentane ved kartlegginga.
I tillegg finn ein alternativet om kombinasjon AFP/ arbeid.
Alternativa gjev rom for moglege individuelle tilpassingar.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|