|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 58/9
Saksmappe: 07/00261-2
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 15.05.07 |
Oppføring av tilbygg
sauefjøs gnr 58, bnr 9 - Petter
Stenvåg
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
23.05.07 |
Utsendte saksdokument:
Oversiktskart M=1:3000
Situasjonsskisse for plassering av tilbygg
Teikningar av planlagt sauefjøs
Bilder (3 stk.) frå området på Hjelle
Ikkje utsendte
saksdokument:
Byggemelding dat. 13.03.07 (skjema)
Kvittering for nabovarsel
Godkjenning av Mattilsynet av 08.03.07
Fullmakt frå Stein Giske, eigar av gnr. 57/1
Brev frå næringssjefen dat. 27.02.07
Leigeavtale mellom Giske og Stenvåg gjeldande 2006-2016
Brev frå næringssjefen av 21.11.06
Brev av 15.11.06 frå PBO-avd.
Midlertidig søknad dat. 10.08.06 om oppføring av plasthall (400 sauer)
I medhald av § 81 i Plan- og bygningslova vert byggemelding dagsett 13.03.07 for tilbygg av nytt sauefjøs på gnr. 59/9 og gnr. 57/1 godkjent på følgjande vilkår:
1. Det må foreligge eit tinglyst dokument som styrer forholdet omkring bygging og drift av sauefjøs på naboeigedomen. Slikt dokument må føreligg før byggearbeidet tek til.
2. Bygninga skal ha ein farge som fell til omgivnadane.
3. Steingarden mellom bruka skal bevarast i størst mogeleg grad.
I medhald av Veglova (§ 29 ) vert det gjeve dispensasjon for bygging av driftsbygning inntil 10 m frå midt av kommunevegen på følgjande vilkår:
Kommunen er utan ansvar for skade på bygning m.v. på grunn av den reduserte avstanden til kommunevegen.

Byggemeldinga gjeld eit nytt fjøsbygg i tilknyting til eksisterande sauefjøs. Nytt bygg er på 580 m2 og er planlagt å romme om lag 400 sau gåande fritt på talle. Nybygget vil ha felles vegg med eksisterande varm fjøs på 236 m2, dette fjøset vil bli brukt i tillegg til nybygget.
Det nye bygget er planlagt i ein avstand på 10 m frå midt av kommunevegen og er planlagt i hovudsak inn på nabobruket gnr. 57, bnr. 1; jfr. situasjonsskisse.
Byggeplanane viser eit byggetrinn 2 mot vest på eigen grunn.
På nabovarsel føreligg ikkje merknader.
Ei driftsbygning i denne storleik er noko framand i vårt landskap og må seiast å vere eit resultat av landbrukspolitikken vår i seinare tid.
Å bygge på nabobruket sin grunn utifrå ei 10-års leigekontrakt er spesielt; Plan- og bygningslova skal i utgangspunktet vurdere byggesaka i høve reglane der, men det fell naturleg å påpeike at ei investering av denne storleik burde styrast av tinglyst dokument for det arealet nybygginga krev.
Løyve etter Jordlova for å disponere naudsynt grunn til driftsbygning, reiskapshus m.v.
er ikkje naudsynt.
Den generelle byggelina mot kommunal veg etter Veglova er 15 m frå vegmidte; ei plassering av bygning inntil 10 m krev dispensasjon frå lova.
Forholda omkring spreieareal for gjødsel, naudsynt beiteareal osv. ligg ikkje til Plan- og bygningslova å vurdere og kan såleis ikkje takast med i denne saka.
Planane for nytt sauefjøs er godkjent av Mattilsynet i brev av 08.03.07.
Bygging av driftsbygning av denne storleik er ny i vår byggetradisjon; ei så stor bygning fell ikkje spesielt godt inn i kulturlandskapet. Ein konsekvens av byggeplanane vil vere at ekisterande gråsteinsmur i nabogrensa vert avskoren og dette vil vere med å framheve at bygget er noko ”unaturleg”.
Bygninga vert tilknytt med levering av vatn frå godkjent vassverk (Ytterdal Nye Vassverk).
I samsvar med ”Temarettleiing – Driftsbygningar i landbruket – Melding HO-2/2002” er det ikkje krav til brannklasse for driftsbygning i ein etasje. Skilje mellom eksisterande og ny bygning må ha bygningsdelar som minst held klasse EI 60.
I høve til avstandskrava etter Veglova kan ein ikkje sjå at forholda i høve sikt m.v. er slik at det ikkje kan gjevast dispensasjon i dette høvet.
Ein føresetnad i saka er at bygninga får ein farge som fell til omgivnadane.
Etter ei samla vurdering i saka finn ein å ville tilrå at byggemeldinga kan godkjennast.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|