|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 430 &30
Saksmappe: 07/00028-6
Sakshandsamar: Kjell Rønning Dato: 14.05.2007 |
Kompetanseutvikling i
grunnskulen i Norddal kommune 2005-2008
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
23.05.07 |
Utsendte saksdokument:
Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005-2008 med handlingsplan 2007
Stortingsmelding nr. 30: Kultur for læring
Kompetanse for utvikling 2005-2008
Rundskriv 13/04: Dette er Kunnskapsløftet
MR fylke: Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005-2008
Kartlegging av kompetanse hos personalet i skulane i Norddal
Rapportering på kompetanseutvikling 2006
Strategiplanen for kompetanseutvikling 2005-2008 med handlingsplan for 2007 blir vedteken slik den ligg føre.
Strategiplanen for kompetanseutvikling 2005-2008 med handlingsplan for 2007 blir vedteken slik den ligg føre.
Nasjonale og internasjonale kvalitetsundersøkingar har vist at det er mykje bra i norsk skule, men at der og er område der kvaliteten bør hevast. Stortinget har difor gjort vedtak om ei større endring i opplæringa i grunnskule og vidaregåande skule som blir kalla ”Kultur for læring”. Det inneber at det i åra 2005 – 2008 skal gjennomførast ei rekkje reformer for å gjere elevane i grunnopplæringa og vidaregåande skule betre i stand til å møte utfordringane frå kunnskapssamfunnet.
Reformene er m.a. nye og annleis oppbygde læreplanar, endring i fag og timefordelinga, innføring av nye tverrfaglege emne og prioritering av visse grunnleggjande ferdigheiter. Dette krev ei omfattande satsing på kompetanseutvikling for dei som arbeider i skulen.
I perioden 2005 – 2008 blir det ytt betydelege beløp til kommunane til etter- og vidareutdanning av personalet i skulen. Det skal takast omsyn til den einskilde sitt behov for fornying så vel som skuleeigar sine behov.
Ansvar for kartlegging, prioritering og gjennomføring av kompetanse-tiltak er lagt til den einskilde kommune som skuleeigar. Lokale planar for kompetanseutvikling skal utarbeidast, bygd på dei nasjonale føringane. Det er ein føresetnad at ein slik plan er utarbeidd og at han er godkjend av eit kommunalt politisk organ før kompetansemidlane blir utbetalte til kommunen. Dette er det fylket som
administrerer. Kvart år skal kommunen sende inn rapport om korleis midlane er brukte, og fylket vil då kontrollere om dei er brukte i samsvar med nasjonale prioriteringar og kommunal plan.
Skulane i Norddal har i mange år hatt høgt utdanna og godt kvalifisert undervisnings-personale. Skulane har også på ulike område vore i forkant av utviklinga og har alt skaffa seg ein del kompetanse og erfaring innanfor nokre av dei områda som no blir spesielt vektlagde. Det gjeld mellom anna skulebasert vurdering, tilpassa undervisning, skulen som lærande organisasjon, digital kompetanse og leseprosjekt.
Men den nye reforma vil stille mange nye krav. Dei nye læreplanane gjev m.a. større fridom i val av arbeidsmåtar, og dette stiller også større krav til kompetanse hos lærarane.
Det ansvaret skuleeigar har for kompetanseutvikling inneber også ansvar for å utvikle lokalt tilpassa metodar og rutiner for vurdering av skulen sin kvalitet. Ekstern skulevurdering og systematisk oppfølgjing av nasjonale kvalitetsvurderingssystem er også viktige hjelpemiddel.
Den einskilde skulen skal også utvikle ein kultur for heile tida å ta til seg og gjere seg nytta av ny lærdom, og vere ein arena der alle tek ansvar for og kjenner seg forplikta til å realisere felles mål.
Etter kartlegging av kompetanse hos personalet og vurdering av kompetanseutviklingsbehovet på den einskilde skule, er det laga ei prioritering av satsingsområda. I denne prioriteringa er det lagt vekt på skuleleiinga sitt behov og den einskilde sitt ønskje.
Strategiplanen for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune 2005-2008 med handlingsplan for 2006 vart vedteken i driftsutvalet i mai 2006 og sendt inn til fylkesmannen i Møre og Romsdal. På den bakgrunn fekk Norddal utbetalt 159 000 kr til kompetanseheving i 2006. Dette blei brukt til etterutdanning av skuleleiarar, lærarar og assistentar. I januar 2007 blei det sendt rapport til fylkesmannen om bruk av desse midlane.
Men det er krav om at handlingsdelen av planen skal
rullerast for kvart år, og det er derfor nødvendig at denne blir politisk
handsama også for 2007. Når planen er godkjend, vil Norddal kommune få utbetalt
151 000 kr. i kompetanseutviklingsmidlar for 2007. Det er ein føresetnad at
Norddal kommune i tillegg til dette går inn med eigne midlar til
kompetanseheving.
Den framlagde planen bør vere ei god rettesnor for bruken av kompetansemidlane i Norddal. Den følgjer opp dei nasjonale prioriteringane, samstundes som lokale behov blir ivaretekne.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|