|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: U63
Saksmappe: 07/00378-5
Sakshandsamar: Wenke Sylju Dato: 14.05.2007 |
Søknad om permanent utviding
av skjenketid på avgrensa areal ute
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
23.05.07 |
|
|
034/07 |
Kommunestyret |
28.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad
Ikkje utsendte
saksdokument:
Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune
Søknaden vert å avslå.
Avslaget er grunna i Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune,
pkt. 7.2, 5. ledd.
Søknaden vert å avslå.
Avslaget er grunna i Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune,
pkt. 7.2, 5. ledd.
Søknaden vert å avslå.
Avslaget er grunna i Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune,
pkt. 7.2, 5. ledd.
Søknad frå Kulå A/S v/Trygve Waldal om permanent
utviding av skjenketid når det gjeld skjenking av alkoholhaldig drikk med
inntil 22 volumprosent alkohol til kl. 02.00 på avgrensa areal ute.
Pr. i dag har Kulå A/S skjenkeløyve i tråd med bestemmingane i Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune. Jf. planen sine retningsliner pkt. 7.2, 5. ledd skal skjenking på avgrensa areal ute vere avslutta kl. 24.00. Konsum av utskjenka alkoholhaldig drikk må opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt utløp, altså kl.00.30 for skjenking ute.
Reglane som går fram av planen er heimla i alkohollova.
Frå søkjar si side vert det argumentert med at det er betre å kunne skjenke alkohol ute i kontrollerte formar i heile åpningstida, da det ofte vert nytt meir alkohol i ”buskane” etter kl. 00.30, når uteserveringa stenger. Det å ha ulik stengetid for inneskjenking og uteskjenking førar med seg meir rot og støy både for naboane og Kulå og kan også føre til meir uønska bråk. Iflg. søknaden vert dette synet også delt av politiet.
Om søknaden vert imøtegått vil det bety at det ikkje vert teke omsyn til Alkoholpolitisk og førebyggande rusplan for Norddal kommune som er vedteke å gjelde fram til 2008.
Jf. alkohollova § 4 –4, 3. ledd kan skjenketida utvidast i einskilde høve.
Ein har forståing for argumenta til søkjar, men når det i einskilde høve vert søkt om utviding av skjenketida på avgrensa uteareal har det til d.d. ikkje vore noko problem med å få løyve til dette.
På bakgrunn av dette vert søknaden å avslå. Ein må kome attende til og drøfte om skjenketida ute skal utvidast ved revidering av Alkoholpolitisk plan for Norddal kommune i 2008.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|