NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    223 C

Saksmappe:          07/00385-2

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      07.05.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om støtte til Omenås Musikkfestival 2007  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

034/07

Driftsutvalet

23.05.07

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Stian Omenås, datert 25.04.07

Informasjon om festivalen 2007

Brev frå Møre og Romsdal fylke

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Du-sak 05/06

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune løyver kr 10.000 til støtte for gjennomføring av årets festival under føresetnad om fullfinansiering. Beløpet vert belasta konto 1472,2403.

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  23.05.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 23.05.2007:

Norddal kommune løyver kr 10.000 til støtte for gjennomføring av årets festival under føresetnad om fullfinansiering. Beløpet vert belasta konto 1472,2403.

 

 

Saksgrunnlag:

Stian Omenås søkjer i brev 25.04.07 om prosjektstøtte til Omenås musikkfestival då det er ein spesiell situasjon i år.

 

Saksopplysningar:

Omenås musikkfestival har sidan oppstart i 2003 fått støtte frå ”Lokale musikktiltak” frå Norsk Kulturråd. Denne summen har vore betydeleg for festivalen. No er ordninga fjerna, og Omenås har ei stor utfordring i å få på plass ny finansiering.

 

Norddal kommune har dei tre siste åra ytt 3.000 kr årleg til festivalen. Han har tidlegare ønskt ei fast årleg løyving til arrangementet, men det har kommunen ikkje gått inn på.

 

Det vart 13. april gjennomført møte med kulturavdelinga på Fylket for å diskutere den spesielle situasjonen som no har oppstått. Dei ser at dette er ein viktig arena for yng utøvarar som enno ikkje har fått etablert seg, og at det er eit viktig kulturtiltak. Møre og Romsdal fylke yter årleg midlar til Midtnorsk Jazzsenter som igjen generer tilskot frå andre fylke samt staten. Midtnorsk Jazzsenter, som er ei stifting som skal fremme kulturtilbodet innan jazzmusikk, har innvilga Omenås 5.000 kr. Dei kan auke potten til 10.000 kr fordi dei ser dette som eit viktig tiltak. Møre og Romsdal Fylke har innvilga eit tilskot på kr. 10.000,-, jfr. vedlegg.

 

Saksvurdering og konklusjon:

I møtet på Molde kom det klart fram at det er ei utfordring at Omenås ikkje har ein festival-organisasjon rundt seg. Dette er noko han vil arbeide for å få på plass til neste års festival. Det er mange arrangement kring i landet som no får merke at den nasjonale støtteordninga er fjerna. Den spesielle situasjonen gjer at både fylket og kommunen er villig til å sjå nærare på saka. Fylket er restriktive til å gå inn med midlar til einskildpersonar, og det er i så fall eingongstilskot det er snakk om. Dei er likevel villig til å yte midlar i år til tiltaket.

 

Omenås har valt ei interessant vinkling på festivalen sin. Han køyrer ein ung profil, der nye, profesjonelle aktørar under 30 år får ein arena å vise seg fram på. Festivalen har ein ikkje-kommersiell profil, og ønskjer å vise breidde innan norsk musikkliv også i distriktet. Ein slik profil gjer det også vanskeleg å skape økonomisk overskot.

 

Omenås vart i møtet oppfordra til å arbeide mot å kome inn på festivalordninga til Norsk Kulturråd for framtidig finansiering.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann