NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    66/1

Saksmappe:          06/00606-14

Sakshandsamar:   Toralv Klokkehaug

Dato:                      07.05.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Deling av grunneigedom gnr 66, bnr 1 Jorunn Fløtre

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

063/07

Formannskapet

14.05.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad om deling av grunneigedom.

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune viser til jordlova § 12 og godkjenner frådeling av gardstunet på gnr. 66 bnr. 1 slik det er omsøkt. Ein føresetnad for delingssamtykke er at Norddal kommune gir konsesjon for sal av

resten av bruket som tilleggsjord til nabobruket gnr. 66 bnr. 2. 

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  14.05.2007:

Merete Løvoll Rønneberg gjekk frå som ugild – no 6 representantar.

 

Prøverøysting:

4 røysta for innstillinga

2 røysta i mot

 

Ordførar Arne Sandnes og Svein Linge røysta i mot.

 

Endeleg avrøysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 14.05.2007:

Norddal kommune viser til jordlova § 12 og godkjenner frådeling av gardstunet på gnr. 66 bnr. 1 slik det er omsøkt. Ein føresetnad for delingssamtykke er at Norddal kommune gir konsesjon for sal av

resten av bruket som tilleggsjord til nabobruket gnr. 66 bnr. 2. 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Søknaden gjeld frådeling av gardstunet på gnr. 66 bnr. 1. Resten av arealet skal nyttast som tilleggsjord til nabobruket.

 

Saksopplysningar:

Det vert søkt om frådeling av bustadhus, uthus og tilhøyrande areal på ca 1,8 daa frå gnr. 66 bnr.1 på Skuset i Eidsdal. Resten av bruket som omfattar driftsbygninga og innmarks- og utmarksareal, skal overtakst av nabobruket gnr. 66 bnr. 2 som driv med mjølkeproduksjon. Gnr. 66 bnr. 1 er i dag bortleigd til ein annan gardbrukar i bygda.

 

Saka har vore oversendt til Møre og Romsdal fylke som har kome med ein positiv uttale med omsyn til frådeling og samstundes tilleggsjord til nabobruket.

 

Søknaden om frådeling har vore handsama av Det faste utvalet for plansaker som fatta fylgjande vedtak den 13.03.07:

 

”Det faste utvalet for plansaker vil i dette tilfellet ikkje dispensere frå arealdelen i kommuneplanen til fordel for å dele frå våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Norddal. Planutvalet ønskjer at bruket kan halde fram som eiga driftseining i kombinasjon med anna sysling fordi ein trur at det er dette som i stor sterkast grad bidreg til å halde oppe folketalet”.

 

Dette vedtaket vart påklaga av søkjaren og i møte 24.04.2007 vart det semje om at saka måtte avklarast etter jordlova.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Dette er først og fremst ei jordlovsak der søkjaren har kome fram til ei ”pakkeløysing” for korleis bruket skal handterast i framtida. I utgangspunktet hadde det vore best å oppretthalde alle små og middels store gardsbruk på grunn av busetnad og stell av kulturlandskapet. Kvifor dette ikkje lar seg gjennomføre i praksis har mykje med dei inntektene ein kan få frå landbruket i dag. Dei som er aktive i næringa, har auka inntektene noko ved å hauste stadig større vidder og bygd stadig større driftsbygningar. Dei aktive gardbrukarane har ofte meir leigejord enn eige areal, og dei siste åra har ein fått store samdriftsfjøs slik at produksjonen kan rasjonaliserast og aukast.

 

Denne utviklinga kan også gå for langt, og det er økonomien som er den store drivkrafta i prosessen. Ved å etablere gardsbruk med større driftsgrunnlag, vil ein skape optimisme og framtid for unge etablerarar. Utviklinga har vore eit politisk ynskje dei siste åra.

 

I framtidas landbruk vil ein sikkert få ei klarare polarisering der satsinga på større einingar blir vidareført, men også auka satsing på små og middels store gardsbruk slik at desse kan sikre busetting og stell av kulturlandskapsverdiar.

 

Utviklinga mot større einingar har mest for seg på flatbygdene og mindre inne i trange fjordar på Vestlandet.

 

Det som næringssjefen har lagt stor vekt på i denne saka, er at omsøkte frådeling er eit ynskje frå eigarane sjølve. Den omsøkte frådelinga er gjennomtenkt og drøfta med resten av familien.

Frå sentralt hald har ein signalisert at slike frådelingar kan vere gode løysingar for utvikling av aktive og rasjonelle einingar i landbruket. Ein føresetnad for å gi frådelingsløyve må vere at ein kan gi konsesjon ved sal av restarealet på bruket.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann