NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C50

Saksmappe:          06/00826-11

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      04.05.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om midlar til olsokfeiring i Valldal  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

076/07

Formannskapet

06.06.07

 

 

Utsendte saksdokument:

Utkast til budsjett                    

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad sendt til andre aktørar

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune yter eit tilskot på kr 43.000 til ”ny” olsokfeiring i Valldal.

2.      Midlane vert å ta frå konto 1903.1490 ”Reserverte løyvingar/avsetnader”

3.      Det blir å kome tilbake til endeleg budsjett når alle kostnadsvurderingar er gjort.

 

 


Handsaming i Formannskapet  06.06.2007:

Signe Brenna kom med forslag om at pkt. 3 vert stroke.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og Brenna sitt forslag

 

 

 


Vedtak i  Formannskapet - 06.06.2007:

  1. Norddal kommune yter eit tilskot på kr 43.000 til ”ny” olsokfeiring i Valldal.
  2. Midlane vert å ta frå konto 1903.1490 ”Reserverte løyvingar/avsetnader”

 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Ei arbeidsgruppe er i gang med å sy saman eit program for ei annleis olsokfeiring i indre Storfjord. Kyrkja, kommunen, reiselivet, Valldalen.no og lokalhistorikarar utgjer arbeidsgruppa.

 

Saksopplysningar:

Programmet vil gå over to dagar, 28.-29. juli. Den tradisjonelle olsokfeiringa er flytta ei helg fram. Programmet vil gå over to dagar, 28.-29. juli. Laurdag blir det liv og røre i sentrum med vikingskip, lokal marknad på hamna, markering ved Olavskrossen, foredrag med Berge Furre og avslutning med gregoriansk konsert med m.a. Henning Sommero i kyrkja om kvelden. Søndag blir det avduking av minnestøtte over den første kyrkja i Norddal, Døvings Capell, og deretter friluftsgudsteneste framme ved Gudbrandsjuvet. Her blir det vandring langs Olavsvegen, og ein får ta turen innom Olavshellaren, Olavskjelda m.v. Dette blir ei ekumenisk gudsteneste der tre trusretningar er representert; den protestantiske, katolske og greskortodokse. Biskopar frå desse tre kyrkjene vil vere med denne helga, m.a. den ortodokse biskopen Jeronymus frå Hellas. Vi håper dette vil vere starten på ein ny tradisjon.

 

Vedlagt budsjett syner ein førebels kostnad på kr 170.000. Arbeidsgruppa har søkt eksterne aktørar om 120.000 kr i støtte, og reknar med å få i alle fall 80.000 kr. Det er framleis ein del ukjente faktorar knytt til den økonomiske sida, og ein vil kome tilbake med nøyaktig oppstilling når arrangementet nærmar seg gjennomføring. Sidan det ikkje er etablert ein organisasjon, og det er første året det blir prøvd ut, har ein ikkje eigenkapital eller erfaring å spele på.

 

 

Saksvurdering og konklusjon:

Det er lagt opp til eit variert program, og det er kostnadskrevjande å få alle brikkane på plass. Arrangementet er i tråd med kommunestyrevedtak i sak 57/06 pkt 3:

”Formannskapet ønskjer at rådmannen snarast set i gang arbeid med å sjå korleis Olavstradisjonen knytt til Norddal kommune betre kan nyttast i marknadsføring av kommunen og som grunnlag for ny kultur- og næringsutvikling.”

 

Sidan kommunen er sterkt involvert i dette prosjektet, samt at ein har tradisjon for å vere bidragsytar når nye ting skal etablerast, vel ein å gi eit rammetilskot på 43.000 kr.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann