NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    033 &20

Saksmappe:          06/00076-3

Sakshandsamar:   Arne Sandnes

Dato:                      03.05.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Politisk organisering - vidare arbeid  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

027/06

Kommunestyret

11.05.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Referat frå møte i arbeidsgruppa for evaluering av den politiske strukturen 24.01.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Svar frå verksemdleiarar på spørjeundersøking

 

 


Rådmannen si innstilling:

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  11.05.06:

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

1.      Saka vert utsett.

2.      Kommunestyret skal primo januar 2007 ta opp til ny vurdering om det er behov for ein gjennomgang/revisjon av den politiske organiseringa i kommunen.

 

Petter Melchior, Sp kom med slikt forslag til eit pkt. 3:

Ordførar, leiar i Driftsutvalet og rådmann møtest 1 gong i månaden og går igjennom fordeling av saker.

 

Røysting:

Pkt. 1 og 2:      Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag

Pkt. 3:              0 røysta for forslaget frå Melchior

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 11.05.06:

1.      Saka vert utsett.

2.      Kommunestyret skal primo januar 2007 ta opp til ny vurdering om det er behov for ein gjennomgang/revisjon av den politiske organiseringa i kommunen.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

I fellesmøte mellom formannskap og driftsutval 24.01.06 vart det sett ned eit arbeidsutval for å gjere ei vurdering av den politiske strukturen i Norddal kommune; jfr. vedlegg for mandat og samansetjing.

Saksopplysningar:

Petter Melchior har vore leiar av gruppa, som har hatt 4 møte. Leiar har orientert om arbeidet i kommunestyremøta og har mint om spørjeskjema som har vore utdelt. Det har vore purra i høve politikarar og verksemdleiarar for å få inn svar på spørjeskjema. Pr. dato er det 2 politikarar og 5 verksemdleiarar som har svara.

 

Saksvurdering og konklusjon:

I arbeidsutvalet sitt siste møte 3. mai, var ein samstemt på at tilbakemeldingane var for få til at ein ville leggje dei til grunn for evaluering av noverande og evt. framtidig politisk struktur i kommunen. Svara frå verksemdleiarane er likevel so pass mange at dei vert tatt til vitande og vil bli brukt i vidare arbeid.

Utvalet vil ha klare tilbakemeldingar frå kommunestyret om kva som bør gjerast vidare, og saka vert lagt fram for kommunestyret til open drøfting.

Leiar av utvalet vil gje supplerande opplysningar/kommentarar i møtet.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann