NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L12

Saksmappe:          06/00750-5

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      03.05.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Disp. frå plankravet - Hyttetomt på gnr. 54/1 - Hatlestad

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

030/07

Det faste utvalet for plansaker

14.05.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Søknad dat. 28.03.07, eigar Berild Merethe Kaluseth

Kartutsnitt, M=1:1000, som syner hyttetomt

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Gjeldande kommuneplan, arealdelen

Arealbruksbestemmelsar til kommuneplan, arealdel

Søknad i brev dagsett 11.01.01 m/kartvedlegg


 

Rådmannen si innstilling:

 

I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå plankravet i gjeldande kommuneplan, arealdelen, for å kunne dele frå ei hyttetomt på Hatlestad, gnr. 54, bnr. 1, søknad dat. 28.03.07 og kartutsnitt rev. 30.03.07 på følgjande vilkår:

 

Mot kommunevegen skal ikkje tomten gå lengre ned enn at der er areal til felles avkøyrsle og internveg for dei andre hyttetomtene.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  14.05.07:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 14.05.07:

I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå plankravet i gjeldande kommuneplan, arealdelen, for å kunne dele frå ei hyttetomt på Hatlestad, gnr. 54, bnr. 1, søknad dat. 28.03.07 og kartutsnitt rev. 30.03.07 på følgjande vilkår:

 

Mot kommunevegen skal ikkje tomten gå lengre ned enn at der er areal til felles avkøyrsle og internveg for dei andre hyttetomtene.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

I gjeldande kommuneplan, arealdelen, for perioden 2002-2013, er det avsett eit område for fritidshus/hytte på gnr. 54, bnr. 1 på Hatlestad, eigar Berild Merethe Klauseth.

 

Det ligg føre søknad dat. 28.03.07 frå eigar av gnr. 54/1 v/Karl-Petter Slinning, om dispensasjon frå kravet om reguleringsplan for å kunne dele frå ei tomt i det planlagte hytteområdet på bruket; jfr. vedlegg.

 

Saksopplysningar:

Hytteområdet som er avsett i arealplanen under gnr. 54/1 på Hatlestad er relativt lite (3-4 tomter).

Eigar er komen til at det i den næraste tid berre er aktuelt med ein av desse hyttetomtene og søkjer om å kunne dele frå utan at det vert teke arbeidet/kostnadane med å utarbeide reguleringsplan no.

 

Frå hovudregelen om at eit byggeområde skal vere regulert, før deling og bygging, kan det gjerast unntak ved dispensasjon frå kravet om reguleringsplan; dispensasjonen kan gjevast etter § 7 i PBL.

Kravet til å kunne gje dispensasjon er at det føreligg særlege grunnar.

 

Tidlegare har det vore praksis å kunne gje dispensasjon for ei tomt i eit avsett område (inntil to tomter i eit større område), når tomten ligg i utkanten og slik at den med visse ikkje kan skape vanskar for seinare gjennomføring av reguleringsplan (vegframføring, bygningsplassering, evt. avløp m.v.)

Det ligg ein gamal veg over hytteområdet som må takast omsyn til som kulturminne, noko som gjer at tomtene i området vert relativ store.

Saksvurdering og konklusjon:

 

Søknaden som ligg føre for å dele frå ei hyttetomt på om lag 1,5 daa. frå gnr. 54/1, kan ikkje handsamast som delingssak etter PBL før det ligg føre reguleringsplan eller dispensasjon frå kravet om regulering.

I denne saka gjeld det ein tomt heilt i ytterkanten (vest) av hytteområdet. Denne tomten kan, slik vi ser det, ikkje skape vanskar for seinare utarbeiding av reguleringsplan for området når ein tek inn ein føresetnad om at det mot kommunevegen skal vere naudsynt areal for felles avkøyrsle/veg.

 

Under noko tvil vel ein i denne saka å vere positiv i tilrådinga om dispensasjon frå plankravet.

 

Praksis i liknande saker har vore at ein ser på dette som ein særleg grunn, og at forholda for å kunne gje dispensasjon etter § 7 i PBL såleis ligg føre i denne saka.

 

Når forholda til regulering er avklara kan søknaden handsamast på vanleg måte etter § 93 i PBL.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann