NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          06/00286-7

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      03.05.06

 

Møtebok

                                  

 

Søknad om tilskot - vald 37 i Tafjord  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

014/06

Viltnemnda

10.05.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Audun Walle, datert 19.03.06

Brev frå kommunen datert 29.03.06, førebels svar

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Retningsliner for kommunalt viltfond

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal viltnemnd yter eit tilskott på kr. 2500,00 til Vald 37 Tafjord V/Audun Walle for å dekke utgifter i samband med arbeid med bestandsplan i valdet.

 

Desse kr. 2500,00 vert å ta av det kommunale viltfondet.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  10.05.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 10.05.06:

Norddal viltnemnd yter eit tilskott på kr. 2500,00 til Vald 37 Tafjord V/Audun Walle for å dekke utgifter i samband med arbeid med bestandsplan i valdet.

 

Desse kr. 2500,00 vert å ta av det kommunale viltfondet.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Søknad frå vald 37V/Audun Walle, datert 19.03.2006.

 

Saksopplysningar:

Søknaden gjeld tilskot frå det kommunale viltfondet til å dekke utgifter i samband med utarbeiding av bestandsplan i Tafjord.

Utgiftene til no er på kr. 1800,00 det er søkt med atterhald om kr. 2600,00.

 

Eit slikt tiltak fell innafor forskrift og regelverk i viltfondet slik at tilskot kan ytast.

 

I Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever står det slik i § 14:

”Kommunene og villreinnemndene skal stimulere og legge til rette for jaktrettshavernes bestandsplanlegging.”

 

Viltnemnda har tidlegare gjeve slikt tilskot både i Eidsdal og Valldal.

 

Saksvurdering:

Tiltaket som det vert søkt støtte til, arbeid med bestandsplan, ser ein på som positivt og kommunen bør stimulere til dette.

At det vil kome til utgifter i samband med slikt arbeid er ein kjent med, men ein synes det er underleg at det vert teke atterhald frå søkjar si side.

Atterhaldet går på om planen vert godkjent, eg kan ikkje sjå kva samanheng dette har med utgiftene. Difor rår eg til at kommunen yter kr. 2600,00.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann