|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K46
Saksmappe: 06/00365-1
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 03.05.06 |
Jakt på hjort 2006 - bruk av
areal og avskytingsmodell
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
10.05.06 |
Utsendte saksdokument:
Hjorteteljinga 2006
Ikkje utsendte
saksdokument:
Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever
Norddal viltnemnd gjer med heimel i forskrifta sin §6 utifrå skadepress vedtak om å redusere minstearealet med 25% for valda: 1-3-5-6-7-8-9-10-11-12-22-23-24-25-26-27-29, 64 og 66 slik at desse valda får tildelt etter minsteareal på 750 da./dyr i 2006.
Dei andre valda i kommunen får tildelt etter minsteareal 1000 da./dyr, i 2006.
Avskytingsmodell i valda etter forskrifta sin §15
Med slik tilnærma fordeling: Kalv 20% Vaksne hanndyr (1 ½ år og eldre) 40 %. Og vaksne hodyr (1 ½ år og eldre) 40 %.
Sak med tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram seinare.
Norddal viltnemnd gjer med heimel i forskrifta sin §6 utifrå skadepress vedtak om å redusere minstearealet med 25% for valda: 1-3-5-6-7-8-9-10-11-12-22-23-24-25-26-27-29, 64 og 66 slik at desse valda får tildelt etter minsteareal på 750 da./dyr i 2006.
Dei andre valda i kommunen får tildelt etter minsteareal 1000 da./dyr, i 2006.
Avskytingsmodell i valda etter forskrifta sin §15
Med slik tilnærma fordeling: Kalv 20% Vaksne hanndyr (1 ½ år og eldre) 40 %. Og vaksne hodyr (1 ½ år og eldre) 40 %.
Sak med tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram seinare.
Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever frå 22.03.2002, rundskriv juli 2002
og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002.
Kvart år skal kommuna , innan 15.juni, sende ut fellingsløyva for hjort til alle vald som
er godkjent, forskrifta sin § 13.
Før dette kan skje må det gjerast politisk vedtak om avskytingsmodell og eventuell
bruk forskrifta sin § 6, fråvik av minstearealet.
Når dette er gjort skal det gjerast politisk vedtak på tildeling til kvart vald.
Teljing av hjort siste åra syner desse tala.
|
|
1999 |
2001 |
2002 |
2003 |
2004 |
2005 |
2006 |
|
Valldal |
20 |
60 |
70 |
9 |
75 |
94 |
108 |
|
Fjørå |
19 |
49 |
35 |
18 |
15 |
39 |
29 |
|
Norddal |
9 |
7 |
4 |
2 |
9 |
12 |
11 |
|
Tafjord |
13 |
16 |
15 |
0 |
13 |
4 |
4 |
|
Osvika
mv. |
29 |
33 |
27 |
11 |
24 |
31 |
28 |
|
Eidsdal |
69 |
90 |
129 |
113 |
172 |
195 |
227 |
|
SUM |
159 |
255 |
280 |
153 |
308 |
375 |
407 |
Ein viser elles til vedlagte dokument om hjorteteljinga.
I 2005 hadde 47 vald jakt på hjort i kommunen, eit av desse hadde bestandsplan (forskrifta § 14))
Desse fekk tildelt 385 fellingsløyve og felte 198 dyr, fellingsprosent 51.
Forskrifta pålegg alle vald gjennom § 15 retta avskyting, dersom jaktsrettshavarane ikkje har bestandsplan..
§ 15 har to modellar som kan nyttast for jakt på hjort, dei er slik utforma:
Kalv ( ½ år) Vaksne hodyr (1 ½ år og eldre)
Vaksne hanndyr ( 1 ½ år og
eldre)
Kalv ( ½ år) Vaksne hanndyr ( 1 ½ år og eldre), Frie dyr.
Vald med godkjent bestandsplan vil få sine løyver som ”frie dyr” for heile planperioden, og skal følgje vedteken avskytingsplan.
Vald 54 Eidsdal har fått sine løyver for ein 3-års bolk. I 2006 80 løyver + rest frå 2005 på 22 løyver, i alt 102 fellingsløyve.
Skulle andre få godkjent bestandsplan innan fristen må vedtaket som vert gjort i denne saka eventuelt justerast.
Som ein ser er det neppe grunn til å tru at hjortestamma har minka, auken er stor i Eidsdal og Valldal for dei andre bygdene ser det uendra ut i høve tidlegare år.
Det er ikkje kommunen sin feil at stamma er stor og skadebeitinga aukande, grunn til det er at det vert felt for få dyr i jakttida. Her ligg ei stor utfordring til jeger/grunneigar om mykje betre samarbeid tvers over eigedomsgrensene. I vald med bestandsplan er prinsippet for slikt samarbeid nedfelt i plan.
Alternativ til bestandsplan kan vere samanslåing av vald, utan bestandsplan.
Heilt sidan 1988 har eg informert om denne mogelegheita for betre utnytting av jakta, det skal vere rimeleg godt kjent mellom valda i kommunen.
Når det gjeld vurdering av utvikling av hjortestamma i kommuna vert valda sine rapportar på Sett-Hjort, valdskjema og teljingar lagt til grunn.
Utanom jakt er det i jaktåret 2005/2006 registrert 7 daude dyr av hjort.. I tillegg er det gjeve løyve på felling av 1 skadedyr, dette vart ikkje felt..
Kommunen si målsetting er å felle hjort i jakttida og ikkje som skadedyr. Då må hjorten fellast der den er denne tida. Viltnemnda må ha dette i tankane når vedtak om arealbruk vert gjort.
Vedtaket må vere innafor rammene av minsteareal og § 6 i forskrifta, då kan arealet vere differensiert mellom 500 da./dyr og 1500 da/dyr, og med variasjon mellom desse to.
Det ideelle er balanse mellom opp og nedskriving av arealet. Slik opp eller nedskriving innafor § 6 skal vere tidsavgrensa. Bruk av § 6 skal grunngjevast i ein eller fleire av tre faktorar. Ulike levevilkår- storleik på bestanden og utvikling- skadepress.
Viltnemnda er suverene i sitt vedtak om på kva måte arealet vert nytta år for år, så framt det vert halde innafor forskrift og kommunen si hovudmålsetjinga.
Modell for målretta avskyting forskrifta sin § 15, vil eg rå til vert nytta den same som i 2004 og 2005.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|