NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    151 &14

Saksmappe:          06/00224-3

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      03.05.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad om ekstra løyving til utbetring av lekkasje i Norddal kyrkje  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

053/06

Formannskapet

08.05.06

029/06

Kommunestyret

11.05.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Norddal sokneråd, datert 07.03.06                                  

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Norddal kommune gå ikkje inn med ekstra midlar til å dekkje utbetring av lekkasje i Norddal kyrkje i 2006.

2.      Tiltaket blir å vurdere på nytt i samband med budsjettet for 2007.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  08.05.06:

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

1.         Formannskapet ser med velvilje på søknaden frå soknerådet på kr. 60.000,- for utbetring av lekkasje i Norddal kyrkje.

2.         Ein ber administrasjonen leggje fram forslag på korleis beløpet kan dekkjast inn til kommunestyremøtet 11.05.06.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Innstilling i  Formannskapet - 08.05.06:

1.         Kommunestyret ser med velvilje på søknaden frå soknerådet på kr. 60.000,- for utbetring av lekkasje i Norddal kyrkje.

2.         Ein ber administrasjonen leggje fram forslag på korleis beløpet kan dekkjast inn til kommunestyremøtet 11.05.06.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Kommunestyret  11.05.06:

Rådmann la fram slikt forslag til finansiering:

Ansvar 1901     Forsikring art 1093 Eigenandel avtalefesta pensjon         - 60.000,-  Endra budsjett til

 

Ansvar 2800     Norddal kyrkjelege Fellesråd art 1472 Tilskot til org.      + 60.000,-             

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og rådmannen sitt forslag til finansiering.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 11.05.06:

1.         Kommunestyret ser med velvilje på søknaden frå soknerådet på kr. 60.000,- for utbetring av lekkasje i Norddal kyrkje.

2.         Beløpet vert finansiert slik:

 

Ansvar 1901     Forsikring art 1093 Eigenandel avtalefesta pensjon         - 60.000,-  Endra budsjett til

 

Ansvar 2800     Norddal kyrkjelege Fellesråd art 1472 Tilskot til org.      + 60.000,-             

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksgrunnlag:

Norddal sokneråd søkte før jul om ekstra løyving for å kunne utbetre lekkasje i Norddal kyrkje. Dei søkte om 1.3 mill. kroner, og fekk innvilga 1.2. mill. kroner. I brev datert 07.03.06 søkjer dei om ei ekstra løyving på 100.000 kr.

 

Saksopplysningar:

Kyrkjetårnet har ein lekkasje som bør utbetrast. Vidar Godø AS har vore på staden, og laga eit kostnadsoverslag på tiltak som bør settast i verk for å hindre skade på kyrkja. Soknerådet har til no brukt 10.000 kr på tiltaket, og overslaget syner ein kostnad på 110.000 + mva.

 

Dei søkte før jul om 60.000 kr ekstra til dette tiltaket, og fekk auka ramme frå kommunen. Dei skriv i brevet at eit tidlegare underskot på 47.000 kr og redusert statstilskot på 25.000 kr har gjort det umogleg å få gjennomført tiltaket.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Kommunen auka ramma til soknerådet før jul. Ein har ikkje rom for å auke denne posten i inneverande år. Tiltaket blir difor å vurdere på nytt under budsjettarbeidet for 2007.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann