NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K46

Saksmappe:          06/00361-1

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      02.05.06

 

Møtebok

 

           

Jakt på rådyr 2006 - bruk av areal  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

010/06

Viltnemnda

10.05.06

 

Utsendte saksdokument:

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.         Med heimel i forskrift om forvaltning av hjortevilt frå 22.03.2002. og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002  tildeler viltnemnda fellingsløyver for rådyr i 2006 slik at ein      brukar § 6 i forskrift om forvaltning av hjortevilt, ved å¨skrive minstearealet opp med 50% dette grunna ulike bestandsforhold.

2.         Alle vald med rådyrjakt vert då tildelt løyver med minsteareale på 1050 da./dyr.

3.         Tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram som eiga sak i viltnemnda.

 

-----------------------------------------------------


 


Handsaming i Viltnemnda  10.05.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 


Vedtak i  Viltnemnda - 10.05.06:

1.         Med heimel i forskrift om forvaltning av hjortevilt frå 22.03.2002. og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002  tildeler viltnemnda fellingsløyver for rådyr i 2006 slik at ein      brukar § 6 i forskrift om forvaltning av hjortevilt, ved å¨skrive minstearealet opp med 50% dette grunna ulike bestandsforhold.

2.         Alle vald med rådyrjakt vert då tildelt løyver med minsteareale på 1050 da./dyr.

3.         Tildeling til kvart einskild vald vert å leggje fram som eiga sak i viltnemnda.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksbakgrunn:

Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever frå 22.03.2002, rundskriv juli  2002

og forskrift om minsteareal frå 02.04.2002.

 

Saksopplysningar:

Kvart år skal kommuna , innan 15.juni, sende ut fellingsløyva for rådyr til alle vald som

er godkjent, forskrifta sin § 13

Før dette kan skje må det gjerast politisk vedtak og eventuell bruk forskrifta sin § 6, fråvik av minstearealet

Rådyrløyver skal alltid tildelast som frie løyver.

Når dette er gjort skal det gjerast politisk vedtak på tildeling til kvart vald.

Minstearealet i Norddal er 700 da./dyr.

 

I 2005 var det 35 vald som hadde rådyrjakt, samla har desse eit teljande areal på 211253 da.

Desse valda vart tildelt 184 fellingsløyve, 15 dyr vart felt.

 

FELLINGSSTATISTIKK FOR 2005.

 

1/2  år

Eldre

I alt.

Hanndyr

2

7

9

Hodyr

2

4

6

I alt

4

11

15

 

Dette gir ein fellingsprosent på  8.

            

 

STAMMEVURDERING 2005:

Gruppa for auke har i 2005gått opp i høve 2004. Gruppa for ikkje svart har gått ned. (22% i 2004)

Elles er vel svara omtrent som i 2004.

 
 


Auke

Uendra

Nedgang

????

30623

119050

32600

28980

14 %

56 %

16 %

14 %

 

 

I ny forskrift er det høve å søkje om kvotefri jakt på rådyr.( Heimel i forskrifta sin § 7)

Valdet må då vere 10 X minstearealet, men minst 5000 dekar.

 

Dersom kommunen tildelte etter minstearealet, 700 da. dyr, ville ein måtte skrive ut 283 fellingsløyve.

Ved bruk  av § 6 i forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever, der ein skriv opp minstearealet med 50 % vil ein ende opp med 184 fellingsløyve. Det er det same som i 2005.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Utifrå det som kjem fram  gjennom rapportering over felling og stammevurdering, kan ein vel trygt fastslå at det er lite å byggje på.

Rapportering som er vist i tabellen talar for seg sjølv.

 

Kva som gjer at rådyrjakta gjev så dårleg resultat kan vere fleire.

Kommunen må også i år, som dei siste tre åra, vere varsam ved tildeling av fellingsløyve.

 

Mi vurdering er at eg vil rå til at forskrifta sin § 6 vert nytta fullt ut i å skrive opp minstearealet med 50 %.

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann