|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 49/31
Saksmappe: 06/00153-3
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 02.05.2006 |
Dispensasjon - reg.plan
Norddal Sentrum - garasjetilbygg
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
08.05.06 |
Utsendte saksdokument:
Utsnitt av reg.plan Norddal Sentrum
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad (skjema) m/vedlegg dagsett 20.02.06
Kvittering for nabovarsel
Reguleringsføresegner, Norddal Sentrum
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gje dispensasjon frå reguleringsplanen Norddal Sentrum, slik at gnr. 49/31 kan oppføre tilbygg i 3 m breidde til eksisterande uthus nord for fylkesvegen i samsvar med søknad dat. 20.02.06.
Særleg grunn for dispensasjon er at friområdet har vore regulert i 26 år utan å vere aktuelt, og at eventuelle framtidige behov for friområde kan gjerast ved å endre tilsvarande regulert industriområde.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 08.05.06:
Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga.
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gje dispensasjon frå reguleringsplanen Norddal Sentrum, slik at gnr. 49/31 kan oppføre tilbygg i 3 m breidde til eksisterande uthus nord for fylkesvegen i samsvar med søknad dat. 20.02.06.
Særleg grunn for dispensasjon er at friområdet har vore regulert i 26 år utan å vere aktuelt, og at eventuelle framtidige behov for friområde kan gjerast ved å endre tilsvarande regulert industriområde.
Søknaden frå Jorunn Yttredal v/Jan Kåre Eide er dagsett 20.02.06 og gjeld eit tilbygg i 3 m breidde til garasje/lager for gnr. 49/31 på vestsida av eksisterande uthus (tidlegare fjøs) på nordsida av fylkesvegen.
Søkjar ser ikkje andre aktuelle plasseringar for garasje på eigedomen.
Gjeldande reguleringsplan for Norddal Sentrum vedteken i 1980 har det aktuelle arealet for tilbygg avsett til friområde, og såleis må saka planavklarst før byggemelding kan handsamast.
Det regulerte friområdet i Norddal Sentrum nord for fylkesvegen er knapt 20 m lang og 5 m breitt og var avsett for å kunne plassere informasjonstavle, rastebord og liknande. Det står eit gamalt morellbærtre på den vestlege delen av området. Om lag 5 m (aust) av lengda på området ligg under gnr. 49/31. Det føreligg ikkje merknader frå naboane i saka.
Kommunen har ikkje registrert ynskjer om å plassere noko på det regulerte friområdet sidan planen var vedtek for vel 26 år sidan.
At det i løpet av alle desse året ikkje har vorte aktuelt å nytte aktivt det aktuelle friområdet, må ein tolke som at det ikkje er stort behov for det. Straks vest for friområdet er regulert avkøyrsla til det regulerte industriområdet, men denne avkøyrsla har ikkje vorte opparbeidd/avgrensa.
Dersom det vart gjeve løyve til å bygge på 3 m av den austlege delen av friområdet, kan eventuelt seinare behov for friområde i Norddal Sentrum dekkast ved å endre form eventuelt trekke det litt mot vest.
Etter ei samla vurdering av plansituasjonen i Norddal Sentrum og søknaden om å bygge eit tilbygg for garasje/uthus til eksisterande uthus på gnr. 49/31, finn ein å kunne rå til at det kan gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen i denne saka.
Sjølve byggesaka må handsamast på vanleg måte etter Plan- og bygningslova.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|