NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K40

Saksmappe:          06/00286-5

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      02.05.06

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad om tilskot - Tafjord hjortevald  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

012/06

Viltnemnda

10.05.06

 

Utsendte saksdokument:

Søknad frå Jostein Tafjord , datert 31.03.06..

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Retningsliner for kommunalt viltfond

 

 


Rådmannen si innstilling:

Med heimel i retningslinene for det kommunale viltfondet yter Norddal viltnemnd  eit tilskott på kr. 2700,00 til vald 37 Tafjord for å dekke kostnad med kurs.

 

Desse kr. 2700,00 vert å ta av det kommunale viltfondet.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Viltnemnda  10.05.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 10.05.06:

Med heimel i retningslinene for det kommunale viltfondet yter Norddal viltnemnd  eit tilskott på kr. 2700,00 til vald 37 Tafjord for å dekke kostnad med kurs.

 

Desse kr. 2700,00 vert å ta av det kommunale viltfondet.

----------------------------------------------------------------------------


 

 

Saksopplysning:

Søkjaren har munnleg den 05.04.06 vorte orientert om når om lag saka vart avgjort.

Søknaden gjeld tilskot frå det kommunale viltfondet til å dekke utgifter i samband med kurs HJORT 2004  i Ålesund 26 og 27 mars 2004 .

 

Søknadssummen er på i alt kr. 2680,00 og gjeld utgifter til kurs for ein person med køyring til og frå Tafjord i to dagar og kursavgift. Kurset gjekk på utarbeiding av bestandsplan.

 

Slikt kurs som her er nemnt  kjem inn under det ein kan støtte frå viltfondet.

 

I Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever står det slik i § 14:

”Kommunene og villreinnemndene skal stimulere og legge til rette for jaktrettshavernes bestandsplanlegging.”

 

Saksvurdering:

Kommunen har tidlegare gjeve tilskot til slike tiltak og bør sjå positivt på det.

Ein synes likevel at det er gått sers lang tid frå kurs til søknad om tilskot. Det kunne ha vore søkt både i 2004 og 2005. No har ikkje viltnemnda  sett noko frist i so måte, men det bør vel gå ei grense for kor mange år ein skal gå attende med slike saker.

 

At personar nyttar seg av slike kurs som dette er positivt, sjølv om det utifrå tidsaspektet kanskje kunne vore vurdert annleis vil eg rå til tilskot som søkt om.

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann