|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 1/6
Saksmappe: 06/00494-6
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 03.05.07 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
14.05.07 |
|
|
|
Formannskapet |
|
Utsendte saksdokument:
Klage dagsett 16.04.07 frå Unn Linge Valdal
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 017/07 i Det faste utvalet for plansaker
Søknad m/følgeskriv frå Unn Linge Valdal dat. 22.06.06
Kartutsnitt som syner aktuelt areal
Uttale frå næringssjefen dagsett 02.03.07
Oversiktskart Lingegrenda
Kvittering for nabovarsel
Det faste utvalet for plansaker har vurdert klaga dat. 16.04.07 frå Unn Linge Valdal, og finn etter ei samla vurdering å ta klaga til følgje.
Utvalet har såleis til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 14.05.07:
Saka blir oversendt til formannskapet som rette organ.
Saka vert oversendt formannskapet som rette organ.
I møte den 17.03.07 i Det faste utvalet for plansaker vart det gjort slikt vedtak i sak 017/07:
1.
Det faste utvalet
for plansaker vil gå imot å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen
for areal på ca. 2 daa under Massgarden på Linge, gnr. 1, bnr. 6, for frådeling
av to tomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
2.
Bakgrunnen for
avslaget er at ei frådeling er i strid med nyleg vedteken landbruksplan og
samfunnsplan, - der det heiter at dyrka mark ikkje bør disponerast til føremål
som gjer areala ueigna til matproduksjon utan at tungtvegande samfunnsomsyn
krev det. Ein finn heller ikkje å kunne dispensere ut frå jordlova.
Det ligg føre klage dagsett 16.04.07 frå Unn Linge Valdal på vedtaket i sak 017/07; jfr. vedlegg i saka.
Klage av 16.04.07 frå Unn Linge Valdal.
I klaga vert det vist til nyleg vedteken landbruksplan og pkt. 5.2.1 og pkt. 5.2.2 i denne der ansvar i høve planen ligg til næringsavdeling/planavdelinga.
Vidare vert det poengtert at den omsøkte frådelinga er eit viktig bidrag for auka busetting i kommunen.
Klagar nemner også at denne søknaden om frådeling har vorte liggjande forholdsvis lenge før det vart teken opp til handsaming.
Linge Valdal aksepterar ikkje avslaget og krev at saka vert teken opp att til ny vurdering.
Landbruksplanen vart vedteken av kommunestyret den 08.03.07.
Denne planen må sjåast på som eit styringsdokument underordna arealdelen av kommuneplanen, det same gjeld til dømes Jordlova.
Siste del av pkt. 2 i vedtaket i sak 017/07 som gjeld Jordlova, har ikkje planutvalet heimel til og dette må eventuelt vedtakast av Formannskapet som rette organ.
Når det gjeld kvifor søknaden vart liggjande noko lenge før handsaming har det si forklaring i at når den vart journalført av postmottaket her, vart den sett inn som sak for oppmålingsavdelinga og så sett på som eit innspel i rulleringa av arealdelen av kommuneplanen. Dette kom først for ein dag då søkjar tok kontakt med kommunen for å etterlyse den innsendte søknaden.
Administrasjonen ser på denne saka som eit godt døme på det som må vere meint i gjeldande arealdel av kommuneplanen å vere område for speidd busetnad på LNF-område. Tomtearealet si plassering mot kommunevegen og ”i rekka av bustadhus” på Linge, ser ein føre seg totalt sett vil kunne verte positivt for Lingegrenda.
Ein ser ikkje at Landbruksplanen hindrar at søknaden om to bustadtomter kan imøtekomast i dette tilfellet, og rår såleis etter ei samla vurdering i saka til at klaga av 16.04.07 vert teken til følgje.
Alternativt må saka sendast over til Formannskapet for handsaming og vedtak etter Jordlova og føreliggande klage og eventuelle vidare klager så vert handsama etter dei vanlege reglane.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|