|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 8/4
Saksmappe: 06/00319-2
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 02.05.2006 |
Søknad om deling av
grunneigedom gnr 8/4 - Lise
og Raymond Uri
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
08.05.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknad i brev av 03.04.06
Kartutsnitt dat. 23.03.06
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad (skjema) m/vedlegg dagsett 03.04.06
Gjeldande kommuneplan, arealdelen
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at eksisterande bustadhus på gnr. 8, bnr. 4 på Tegane i Valdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 03.04.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 08.05.06:
Vedtak samrøystes i samsvar med innstillinga.
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at eksisterande bustadhus på gnr. 8, bnr. 4 på Tegane i Valdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 03.04.06.
Søknaden av 03.04.06 gjeld løyve til å dele frå tomt på om lag 1 daa. med påståande bustadhus på gnr. 8, bnr. 4 på Tegane, Valdal.
I gjeldande kommuneplan arealdelen er området avsett til LNF-område der spreidd busetnad er tillate.
Sjølv om kommuneplanen arealdelen tilseier føremålet det her vert søkt om, må saka likevel ha dispensasjon frå planen då den landbruksfaglege delen av saka skal vere ivareteken.
Næringssjefen har hatt saka til uttale; næringssjefen har igjen merknader i høve det landbruksfaglege til at det eksisterande bustadhuset på gnr. 8/4 kan delast frå med ein tomt på 1 daa. slik vist på kart i søknaden av 03.04.06.
Arealbruken er i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen.
Saka er avklara i høve det landbruksfaglege.
Eit eksisterande bustadhus som dette er kurrant i høve Plan- og bygningslova (PBL) og ein rår til at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i denne saka.
Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|