|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 60/3
Saksmappe: 04/00224-11
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 24.04.2006 |
Søknad om støtte til å
installere alarmanlegg på magasinet Blomrobben
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
02.05.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknad frå Stiftinga Sevrinbrauta, datert 16. april 2006
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Norddal kommune dekkjer installering av alarmanlegg i magasinet på Blomrobben i Eidsdal.
2. Midlane vert å ta frå konto 2401.1472.
1. Norddal kommune dekkjer installering av alarmanlegg i magasinet på Blomrobben i Eidsdal.
2. Midlane vert å ta frå konto 2401.1472.
Stiftinga Sevrinbrauta søkjer om økonomisk støtte til å installere alarmanlegg i magasinet på Blomrobben i Eidsdal.
Stiftinga leiger lokale på Blomrobben, og der er alt inventar lagra. Samla av gjenstandar og tekstilar er freda på linje med bygningane, og det er difor naudsynt å sikre dette mot brann og innbrot. Alarmanlegget i sjølve Sevrinbrauta er ferdigstilt.
Det ligg føre tilbod frå Norddal Elverk på kr 8.722 + mva for å få på plass anlegget. Tanken er å kople seg til sentralen som Eidsdal barnehage fekk installert før jul. Sevrinbrauta ønskjer at kommune dekkjer denne kostnaden sidan både Sevrinbrauta og Blomrobben er kommunal eigedom, og ein skal samarbeide med barnehagen om sentralen.
Sevrinbrauta med innbu er eit unikt objekt, og det har vore jobba godt på fleire frontar for å nærme seg opning av tunet. Kommunen har tidlegare ytt 30.000 kr over tre til innflyttingsprosjektet der ein forventar totalt 90.000 kroner. Det bør også ytast tilskot til dette prosjektet i 2006. I tillegg er dei i gang med å sikre steinkvelvbrua og adkomst til tunet. Sevrinbrauta har vore flink til å skaffe eksterne midlar for å få framdrift.
Alarmanlegget på Sevrinbrauta er støtte av UNI-stiftelsen, men dei medfinansierer ikkje sikring av lagerplass.
Norddal kommune bør vere positiv til at inventar og utstyr blir sikra på ein best muleg måte.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|