|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L83
Saksmappe: 05/00497-2
Sakshandsamar: Bente Klakken Osvik Dato: 21.04.06 |
Tildeling av
tomt i Norddal - avklaring av pris
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
08.05.06 |
Søknad på tomt datert 16.06.05
Brev frå kommunen datert 30.05.06
Vedtak i K.sak 38/05 den 30.06.05
Lene Løvås og Anne Lise Stenvåg får tildelt tomt i Norddal sentrum, Dalebø til kr. 80,- pr. m2.
Handsaming i Formannskapet 08.05.06:
Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:
Lene Løvås og Anne Lise Stenvåg får tildelt tomt i Norddal sentrum, Dalebø til kr. 25,- pr. m2. Bakgrunn for vedtaket er tomteprisen på søknadstidspunktet og at behandlingstida har blitt svært lang.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Lene Løvås og Anne Lise Stenvåg får tildelt tomt i Norddal sentrum, Dalebø til kr. 25,- pr. m2. Bakgrunn for vedtaket er tomteprisen på søknadstidspunktet og at behandlingstida har blitt svært lang.
Det ligg føre søknad frå Lene Løvås og Anne Lise Stenvåg om kjøp at tomt i Norddal sentrum, Dalebø datert 16.06.05.
Etter ein munnleg henvending sendte kommunen brev den 30.05.05 om ledige tomter i Norddal og Eidsdal samt ga opp tomteprisane. Samstundes vart det gjort merksamt på at prisar på tomter i eldre kommunale felt skulle opp til vurdering i kommunestyret med det første, og at oppgitte prisa difor kunne bli endra.
Den 30.06.05, to veker etter at søknaden kom, vart det vedtatt i kommunestyret at prisen for tomter i alle kommunale felt skulle vere kr. 80,- pr. m2.
Det er i hovudsak prisen på behandlingstidspunktet av søknaden som skal gjelde. I dette høve vart det og tatt atterhald frå kommunen om endra pris. Etter samtale med Fylkesmannen bør ein legge vekt på dette atterhaldet og fastsette pris etter nytt vedtatt nivå. Kommunen skal kunne gi søkjarane førebels eller endeleg svar innan 21 dagar. Saka har vorte liggjande lenge grunna registreringsfeil i posten der sakshandsamar ikkje var definert. Det er delegert rådmann å tildele tomter, men i dette tilfellet vel ein å legge saka fram for formannskapet til avgjerd. Tomteprisen kan vere eit diskusjonstema fordi søkjarane søkte før tomteprisen vart endra og behandlingstida har tatt lang tid.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|