|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: D2
Saksmappe: 06/00347-1
Sakshandsamar: Elisabeth Mansfield Dato: 20.04.2006 |
Drift av Tafjord Friluftsbad
2006 og evaluering av sesongen 2005
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
02.05.06 |
Utsendte saksdokument:
Innspel frå bygdeutvalet i Tafjord dagsett 21.02.05 ”Utvikling og framtidig drift av Tafjord Friluftsbad”.
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 21/05 den 15.03.05 til Driftsutvalet
Sak 50/93 den 02.03.93 til formannskapet
3. Kioskdrifta for 2006 vert i samsvar med avtale om kioskdrift 2005 å
tildele til same
leigetakar som for 2005. Driftsutvalet gjer vedtak om at administrasjonen får
fullmakt til å forhandle fram ein ny avtale om kiosken.
4. Prisane for 2006 vert uendra for einskild billett Born kr. 30,-,
vaksen kr. 50 og sesongkort einskildperson kr. 300,-. Sesongkort familie vert endra frå kr. 700,- til kr. 800,-.
5. Driftsutvalet ser det som lite praktisk å skilje
mellom parkeringsareal for gjester til Tafjord friluftsbad og gjester til Båthamna Camping
Tafjord. Ein ser det som mest teneleg for begge bedriftene å samarbeide om dei
parkeringsområda ein har til disposisjon.
6.
Driftsutvalet gjer vedtak om å
opprette ei styringsgruppe for Tafjord Friluftsbad. I gruppa skal det vere ein
representant frå
driftsutvalet, ein representant i frå bygdeutvalet i Tafjord, reiselivssjef,
driftsoperatør og driftssjefen/dagleg
leiar av Tafjord
friluftsbad.
7.
Styringsgruppa
for Tafjord Friluftsbad vil evaluere sesongen 2006 til hausten der interesserte
aktørar i Tafjord blir tekne med på råd og saman sjå på tiltak for sesongen
2007.
Handsaming i Driftsutvalet 02.05.06:
Hallvar Tafjord, Ap kom med forslag om at siste setning i pkt. 5 skal lyde:
Ein ser det som mest teneleg for begge bedriftene å samarbeide om dei parkeringsområda ein har til disposisjon ved grundig skilting.
Emil-Einar Kaldhussæter, Frp kom med forslag om at siste setning i pkt. 6 skal lyde:
I gruppa skal det vere ein representant frå driftsutvalet, ein representant i frå bygdeutvalet i Tafjord, reiselivssjef og verksemdsleiar.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og dei endringsforslaga som vart sett fram i møtet.
3. Kioskdrifta for 2006 vert i samsvar med avtale om kioskdrift 2005 å tildele til same leigetakar som for 2005. Driftsutvalet gjer vedtak om at administrasjonen får fullmakt til å forhandle fram ein ny avtale om kiosken.
4. Prisane for 2006 vert uendra for einskild billett Born kr. 30,-, vaksen kr. 50 og sesongkort einskildperson kr. 300,-. Sesongkort familie vert endra frå kr. 700,- til kr. 800,-.
5. Driftsutvalet ser det som lite praktisk å skilje mellom parkeringsareal for gjester til Tafjord friluftsbad og gjester til Båthamna Camping Tafjord. Ein ser det som mest teneleg for begge bedriftene å samarbeide om dei parkeringsområda ein har til disposisjon ved grundig skilting.
6. Driftsutvalet gjer vedtak om å opprette ei styringsgruppe for Tafjord Friluftsbad. I gruppa skal det vere ein representant frå driftsutvalet, ein representant i frå bygdeutvalet i Tafjord, reiselivssjef og verksemdsleiar.
7. Styringsgruppa for Tafjord Friluftsbad vil evaluere sesongen 2006 til hausten der interesserte aktørar i Tafjord blir tekne med på råd og saman sjå på tiltak for sesongen 2007.
Drift av sesongen 2006 og evaluering av sesongen 2005 ved Tafjord friluftsbad.
I løpet av januar og februar 2005 hadde eit gruppe på tre medlammar frå driftsutvalet saman med driftssjefen/dagleg leiar av friluftsbadet sett nærare på den generelle drifta av friluftsbadet. Leiar av Tafjord bygdeutval fikk i møte med gruppa legge fram deira syn på utvikling og framtidig drift av Tafjord friluftsbad. I sak 21/05 den 15.03.05 gjorde driftsutvalet slikt vedtak:
4. Kioskdrifta vert å
lyst ut med ynskje om at drivar av kiosken tek på seg reinhald av og tilsyn med
garderobebygget/badet. Driftsutvalet gjer vedtak om at administrasjonen får
fullmakt til å forhandle fram ein drivar av kiosken.
5. Prisane for 2005 vert dei same som for 2004. Born kr.
30,-, vaksen kr. 50,-
sesongkort
familie kr. 700,- og sesongkort einskildperson kr. 300,-.
6.
Driftsutvalet vil evaluere
sesongen 2005 til hausten der interesserte aktørar i Tafjord blir tekne med på
råd og saman
sjå på tiltak for sesongen 2006.
7. Driftsutvalet ber om
at det vert sett opp informasjonsskilt om friluftsbadet i Tafjord i samband med
skiltinga på Sylte hamn.
Til pkt. 4 i vedtaket vart det utforma ein avtale med drivar av Båthamn Camping Tafjord om kioskdrifta. Avtalen sitt punkt 5, om lån av dusj- og toalettkapasitet mot reinhald og tilsyn av dei, vil falle bort for sesongen 2006. I avtalen sitt pkt. 9. har leigetakar rett til forlenging av avtalen for eitt år om gongen i ein maksimal periode på 15 år. Avtalen om kioskdrifta gikk for sesongen 2005 forholdsvis greitt. Ein har fått tilbakemeldingar om at det ikkje var til det beste for nokon av partane at kioskluka mot parkeringsplassen vart stengt. Med tanke på informasjon og sal bør begge kiosklukene for komande sesongen vere aktive.
Til pkt. 6 i vedtaket har man ikkje hatt eit formelt evalueringsmøte i haust, men vi har fått inn innspel frå eit par bedrifter i Tafjord som gjeld parkeringsareal og ”leige” av badet for grupper utanom ordinær opningstid. Lista over innspel frå bygdeutvalet i Tafjord som dei sette opp i 2005 inneheld konkrete tiltak som krev både større og mindre investeringar. Med den organiseringa og dei rammene som vi no har, er det ikkje lett å kome vidare med noko fysisk nivåheving. For sesongen 2006 bør ein sjå nærare på innspela vedk. beplantning, grill på området og ”frokostbading”. Innkjøp av fleire solsenger og stoler vil også bli vurdert. Dette er tiltak som ikkje krev dei store investeringane, men som fyrst og fremst kan vere med på å gjere det trivelegare for gjestene på området.
Frå Båthamna Camping Tafjord ligg det føre søknad til Formannskapet om ein del tiltak for området rundt badet, der nokre av tiltak krev reguleringsendring. Båthamna Camping Tafjord ynskjer å auke kapasiteten inne på område sitt med telt, campingvogner og bubilar og søker ut i frå det om å få disponere dei to kommunale parkeringsområda som er knytt til badet. Formannskapet har gitt positive signal om at det kan vere aktuelt at kommunen leiger bort parkeringsområdet vest for bassenget. Avtale skal utformast før sak om reguleringsendring skal handsamast.
Tafjord Kraft sitt området på sydsida av Fylkesvegen, som går forbi badet, har i alle år blitt nytta av besøkande til badet når besøket har vært høgt. Mellom Norddal kommune og Tafjord kraft vart det i fjor inngått ein formell avtale om at besøkande til badet har høve til å nytte eit parkeringsområdet på 40m x 28m på sydsida av Fylkesvegen. Avtalen gjeld i fyrste omgang fram til 31.12.08.
Når det gjeld økonomi har ein framstilt dette i tabellen under:
|
|
2005 |
2004 |
2003 |
2002 |
2001 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Løn
badevakt innkl. sosiale utg. |
200 500 |
227 200 |
239 100 |
194 300 |
220 500 |
|
Driftsutg.
straum, kurs, materiell etc. |
124 000 |
99 500 |
135 300 |
80 000 |
210 000 |
|
Eigen
arbeidsinnsats innkl. adm. |
89 300 |
100 500 |
90 000 |
152 200 |
135 900 |
|
DRIFTSUTGIFTER |
413 800 |
427 200 |
464 400 |
426 500 |
566 400 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Billettsal |
350 500 |
318 700 |
319 100 |
300 700 |
249 500 |
|
Utleige
solsenger, sal av badeutst. |
8 100 |
|
|
|
|
|
DRIFTSINNTEKTER |
358 600 |
318 700 |
319 100 |
300 700 |
249 500 |
|
|
|
|
|
|
|
|
Driftsunderskot |
55 200 |
108 500 |
145 300 |
125 800 |
316 900 |
For sesongen 2005 har man hatt ei bemanning der man er berre to badevakter på vakt kvar dag. Dette har fungert godt. I vaktturnusen hadde vi to erfarne yrkestakarar. Dette medførte sjølvsagt noko høgare timesbetaling, men har til gjengjeld gitt eit lågare timetal på dagleg drift av badet for både driftsoperatør og dagleg leiar.
Føre sesongen vart det lagt vekt på å få opp både ny og tydelegare informasjon til gjestane. Badevaktene har gjennom heile sesongen formidla på ein god måte korleis vi vil ha det på området. Til dømes vart det halde konsekvent på at alle som skulle inn på området måtte løyse billett, også dei som ”berre” skulle sjå på. Resultatet av dette medførte ei auke for salet av vaksenbillettar frå 2004 til 2005 på kr. 40 000. Det vart totalt seld for kr. 170 000 i vaksenbillettar og for kr. 130 000 i barnebillettar. Talet på selde barnebillettar for 2005 var det same som for 2004. Over dei siste fem sesongane har talet på selde familiekort halde seg jamt på om lag 70 kort. Med kommunal drifts slik vi har det no, er det lite realistisk å kunne presse ned driftsutgiftene noko nemneverdig.
Kvart år er det behov for innkjøp til vedlikehald og til mindre fornyingar. Botnen på begge bassenga må gjennomgå føre denne sesongen også eit stykke vedlikehald. Entreprenør er kaldt tilbake og er innforstått med å ta igjen alt arbeid vi har garanti på.
Å auke inntekta kan ein gjere ved å auke billettprisane, investere i fleire solsenger, inngå ein avtale om provisjon på sal av badeleiker samt ta leige for utleige av kiosken.
Billettprisane si utvikling er framstilt i tabellen under:
|
År |
Born |
Vaksen |
Fam.kort sesong |
Personkort sesong |
|
|
kr |
kr |
kr |
kr |
|
1998 |
15 |
30 |
400 |
200 |
|
1999 |
20 |
40 |
500 |
uaktuelt |
|
2000 |
20 |
40 |
500 |
uaktuelt |
|
2001 |
20 |
40 |
500 |
uaktuelt |
|
2002 |
30 |
50 |
600 |
300 |
|
2003 |
30 |
50 |
600 |
300 |
|
2004 |
30 |
50 |
700 |
300 |
|
2005 |
30 |
50 |
700 |
300 |
Til samanlikning tok friluftsbadet i Sykkylven for sesongen 2005 kr. 35 for einskildbillett born/vaksen, kr. 1 500 for sesongkort familie og kr. 500 for sesongkort einskildperson. For utleige til grupper utanom ordinær opningstid tok dei kr. 200 pr. time. Tafjordbadet har i dag ikkje noko gruppepris å tilby skuleklasser eller andre grupper. Når ei skuleklasse tek turen til Tafjord og Tafjordbadet skjer dette både i og utanom ordinær opningstid. Ein har fram til no latt dei av elevane som skal bade løyse billett til ordinær pris. Lærar(ar) med ei eller fleire klasser har kome gratis inn mot at dei har teke vaktansvar. Når klassa er lita og berre nokre skal bade kan det for kommunen vere lite å umake seg for. Ein har so langt sett dette som eit rimeleg tilbod til skulane. Ein ser også dette som ein måte å marknadsføre badet på.
For sesongen 2005 har det ikkje kome inn merknader til verken prisar, opningsperioden eller opningstida. Tafjord bygdeutval hadde i sitt brev i fjor innspel om ynskje om at badet vart opna
18. mai.
I sak 21/05 til driftsutvalet under ”Saksvurdering og konklusjon” vart det nemnt at før sesongen 2006 burde ein sjå nærare på ei endra organisering av badet. Ein viste då til F-sak 50/93 der teknisk sjef tilrådde ein modell for kommunal drift framføre modell for privat drift. ”Ved kommunal drift burde det være ei styringsgruppe eller eit driftsstyre som tok seg av drifta med gitte oppgåver og samansetning”.
Saksvurdering og
konklusjon:
Kioskdrifta for sesongen 2006 skal i samsvar med kontrakt i 2005 med bedrifta Båthamn Camping Tafjord tildelast Båthamna. I år går punkt 5 ut av avtalen då bedrifta ikkje lenger treng å leige dusj- og toalettkapasitet av kommunen.
Kommunale parkeringsareal som i dag vert nytta av besøkande til Tafjordbadet vil ikkje utan praktiske problem vere så lett å leige bort til Båthamna. Tida badevaktene vil kome til å måtte bruke på å peike på kvar besøkande til badet skal parkere har dei ikkje til rådvelde.
For komande sesong bør ein gjennomføre nokre punkt frå lista til bygdeutvalet i Tafjord.
Som eit tilbod til bedrifter i Tafjord skal dei etter skriftleg avtale med kommunen kunne leige badet utanom opningstidene mot å rydde og vaske etter sine gjester. For grupper utanfor Tafjord skal dei betale for leige av badet etter innarbeidd praksis.
Prisane for komande sesong vil ein endre berre for Familiekort Sesong med kr. 100. Til samanlikning med prisen på sesongkort Familie ved friluftsbadet i Sykkylven finn ein det rimeleg å kunne auke prisen akkurat for sesongkort familie.
Opningsperioden og opningstida i perioden skal vere som for 2005.
Etter sesongen 2006 er det ynskjeleg at ei styringsgruppe for Tafjordbadet skal kome samen for å evaluere sesongen og kome med endringar for komande sesong.
Ein vil for komande sesong halde fram med å praktisere reglementet på ein tydleg og hyggeleg måte overfor badet sine gjestar.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|