NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    420

Saksmappe:          07/00349-1

Sakshandsamar:   Turid Engeseth Løvoll

Dato:                      16.05.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Auke av administrativ ressurs  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

040/07

Driftsutvalet

23.05.07

081/07

Formannskapet

25.06.07

041/07

Kommunestyret

28.06.07

 

 

Utsendte saksdokument:

Analyse av personalbehovet i pleie og omsorg

Uttale frå FO dagsett 09.05.07

Uttale frå Fagforbundet dagsett 08.05.07

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Ei 100 % stilling som avdelingsleiar for personar med funksjonshemma/nestleiar for pleie og omsorg vert å lyse ut snarast.
  2. Stillingsheimelen vil ein få ved omdefinering av 50 % stilling konsulent funksjonshemma samt nyoppretting av ei 50 % administrativ stilling.
  3. Økonomisk inndekning må skje ved å nytte ubrukte midlar til administrativ ressurs ved Elvetun og ved tilleggsløyving.

 

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  23.05.2007:

Rådmann la fram slikt tilleggsforslag til pkt. 3:

…, som vert dekt inn ved førstkomande budsjettregulering.

 

Røysting:

Samrøystes i samsvar med innstillinga og rådmannen sitt tilleggsforslag.

 

 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 23.05.2007:

  1. Ei 100 % stilling som avdelingsleiar for personar med funksjonshemma/nestleiar for pleie og omsorg vert å lyse ut snarast.
  2. Stillingsheimelen vil ein få ved omdefinering av 50 % stilling konsulent funksjonshemma samt nyoppretting av ei 50 % administrativ stilling.
  3. Økonomisk inndekning må skje ved å nytte ubrukte midlar til administrativ ressurs

ved Elvetun og ved tilleggsløyving,som vert dekt inn ved førstkomande budsjettregulering.

 

 

 


Handsaming i Formannskapet  25.06.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Innstilling i  Formannskapet - 25.06.2007:

  1. Ei 100 % stilling som avdelingsleiar for personar med funksjonshemma/nestleiar for pleie og omsorg vert å lyse ut snarast.
  2. Stillingsheimelen vil ein få ved omdefinering av 50 % stilling konsulent funksjonshemma samt nyoppretting av ei 50 % administrativ stilling.
  3. Økonomisk inndekning må skje ved å nytte ubrukte midlar til administrativ ressurs

ved Elvetun og ved tilleggsløyving,som vert dekt inn ved førstkomande budsjettregulering.

 

 

 


Handsaming i Kommunestyret  28.06.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 28.06.2007:

  1. Ei 100 % stilling som avdelingsleiar for personar med funksjonshemma/nestleiar for pleie og omsorg vert å lyse ut snarast.
  2. Stillingsheimelen vil ein få ved omdefinering av 50 % stilling konsulent funksjonshemma samt nyoppretting av ei 50 % administrativ stilling.
  3. Økonomisk inndekning må skje ved å nytte ubrukte midlar til administrativ ressurs

ved Elvetun og ved tilleggsløyving,som vert dekt inn ved førstkomande budsjettregulering.

 

 

 

Saksgrunnlag:

Behov for auka administrativ ressurs i pleie og omsorg og omdefinering av eksisterande stillingsheimel.

 

Saksopplysningar:

Fram til mars 2005 låg 50 % stilling som konsulent funksjonshemma til sosialkontoret. Frå den tid har ansvaret for personar med funksjonshemming ligge til pleie og omsorg. Ei tid hadde leiar for Elvetun ansvaret, noko som viste seg å være ei mindre bra løysing. Delar av ansvaret for personar med funksjonshemming vart samtidig lagt til verksemdleiar. Dette har dessverre heller ikkje vore ei optimal løysing. Arbeidsoppgåvene vart delt mellom leiar for Elvetun og verksemdleiar, noko som syner seg å være ei lite tenleg løysing.

 

Leiaren for Elvetun slutta i stillinga 1. februar, og ein ser no moglegheit for å gjere noko med både leiarfunksjonen for Elvetun og funksjonen som konsulent funksjonshemma.

 

Tenesteområdet knytt til personar med funksjonshemming har blitt meir omfattande og dei administrative oppgåvene knytt til pleie og omsorg generelt er av omfattande og samansett art. Samla gir dette ei arbeidsmengd som gjer det naudsynt å auke den administrative ressursen for å oppfylle alle krav verksemda har. Dette gjer at det også er behov for ein nestleiarfunksjon i pleie og omsorg.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Då stillinga som konsulent funksjonshemma låg til sosialkontoret, synes å være den tid funksjonen fungerte best. Når andre løysingar har vore prøvd utan hell, ser ein det som naturleg å gå tilbake til ein modell der denne funksjonen blir ein del av ei anna administrativ stilling. Ved å ta bort noko av den administrative ressursen som vart lagt til leiaren for Elvetun vil ein allereie ha dekning for deler av stillinga så langt det gjeld oppretting. I 2007 budsjettet er 30/100 %  dekt inn og 70 % må dekkast inn ved nye løyvingar.

 

Ved å kombinere stillinga som konsulent funksjonshemma med ei 50 % nyoppretta administrativ stilling som nestleiar for pleie og omsorg, vil ein få ei 100 % stilling som vil sikre ein meir optimal tenesteproduksjon, samstundes som at plo-leiinga får naudsynt kapasitet.

 

Viser elles til saksvedlegget.

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann