|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 07/00337-2
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 17.04.2007 |
Søknad om midlar frå
Viltfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
24.04.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad m/vedlegg
Ikkje utsendte
saksdokument:
Med heimel i retningsliner for kommunalt viltfond gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak.
For utlegg til kursutgifter og kjøp av prosjektor får Valldal jeger og fiskeforeining
Stønad frå det kommunale viltfond med kr. 20000,00.
Desse kr. 20000,00 vart å ta frå det kommunale viltfondet.
Med heimel i retningsliner for kommunalt viltfond gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak.
For utlegg til kursutgifter og kjøp av prosjektor får Valldal jeger og fiskeforeining
Stønad frå det kommunale viltfond med kr. 20000,00.
Desse kr. 20000,00 vart å ta frå det kommunale viltfondet.
Søknad frå Valldal jeger og fiskeforeining m/vedlegg datert 30.03.07.
SAKSOPPLYSNING.
Det vert søkt om kr.20000,00 i støtte til oppdateringskurs for to tidlegare instruktørar og for to nye instruktørar for jegeropplæring i kommunen og ein prosjektor.
Valldal jeger og fiskeforeining har i alle år hatt arbeidet med opplæring av føærstegongsjegerar.
Krav til jegerprøve vart innført frå og med 1986, kor mange som tok eksamen i 1986 og 1987 kjenner ein ikkje til, då det ikkje finns arkivmateriale på det.
I tidsbolken 1988 til og med 2006 har det gjennom denne opplæringa og den kommunalt administrerte eksamen vore autorisert 250 jegerar. 44 kvinner og 206 menn.
Mellom desse 250 personane finn ein og mange som hører til i andre kommunar, men som har teke kurs og eksamen her.
I retningslinene for viltfondet står det m.a. slik i kva fondet kan brukast til:
· Tiltak som aukar kunnskapen om viltet hjå grunneigarar, jegerar, allmenta.
· Kursdeltaking og kompetansegjevande etterutdanning innan viltforvaltning for administrasjon og politikarar.
· Tiltak og utstyr som kan utvikle og forbetre den kommunale viltforvaltninga.
SAKSVURDERING.
Valldal jeger og fiskeforeining har i alle desse åra frå jegerprøve vart obligatorisk lagt ned eit stort og godt arbeid i teoretiske og praktiske kurs.
Strykprosenten i den teoretiske eksamen har vore liten, det tyder på ein har motiverte læreviljuge kandidatar og ikkje minst dyktige instruktørar.
Ein har heller
ingen ting å utsette på samarbeidet mellom kommunen og jeger og
fiskeforeininga.
Når det gjeld søknaden om midlar, er den til kursaktivitet grei, ein er litt meir usikker på tilskot til prosjektor. Ein vil likevel gå inn for at tilskot vert gjeve og til denne, sjølv om ein då tolkar retningslinene for viltfondet særs romsleg.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|