|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 07/00305-3
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 17.04.2007 |
Søknad om tilskot frå
Viltfondet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
24.04.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknaden
Skriv til Aksel Døving datert 11.04.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Med heimel i retningsliner for kommunalt viltfond gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak.
For utlegg til materiale for gjerde mot hjorteskade får
Aksel Døving får eit tilskot på 25% av ein kostnad eks. arbeid på kr, 32288,00 i alt kr.8100,- RS.
Desse kr. 8100,00 vart å ta frå det kommunale viltfondet.
Med heimel i retningsliner for kommunalt viltfond gjer Norddal viltnemnd slikt vedtak.
For utlegg til materiale for gjerde mot hjorteskade får
Aksel Døving får eit tilskot på 25% av ein kostnad eks. arbeid på kr, 32288,00 i alt kr.8100,- RS.
Desse kr. 8100,00 vart å ta frå det kommunale viltfondet.
SAKSGRUNNLAG.
Søknad datert 22.03.2007..
SAKSOPPLYSNING.
Søkjaren sin gard ligg på Døving G.nr.26 i Valldal, der det vert drive jordbærproduksjon.
Saman med dei andre bruka på Døving har dei rett på jakt av hjort i vald 26.
Heilt sidan 2000 til og med 2006 har valdet hatt 100% felling, bortsett frå to år, 2003 og 2006, då fellinga var på 75 %, kvart av desse åra mangla eit dyr.
Det har på g.nr.26 vore søkt om skadedyrfelling i tre år etter år 2000.
2001 søkt om å få felle tre dyr Fått løyve til felling av tre dyr.
2004 søkt om å få felle eit dyr Fått løyve til felling av eit dyr
2007 søkt om å få felle fem dyr Fått løyve til felling av tre dyr
Av desse 7 løyve vart så vidt ein kjenner til berre 2 felt, det var i 2007.
Samla søknadssum er på kr. 32288,00.
Etter
retningslinene i viltfondet kan slike tiltak støttast, m.a. står det slik i eit
av punkta:
·
Tiltak for å førebyggje skade på jord- og
skogbruk valda av hjortevilt.
SAKSVURDERING.
Ein registrerar at søknaden om løyve til skadedyrfelling i 2007 og som var på heile 5 dyr, kom etter at gjerde var oppsett.
I søknaden om løyve til å felle skadedyr skriv søkjaren
mellom anna slik: ”Det er sett oppgjerde mot utmarka, men det er ikkje
nok.”
Før løyve om
felling av skadedyr vart gjeve tok viltnemnda synfaring på området, og kunne då
registrere stort omfang av skadebeiting.
Utifrå desse fakta kan ein undrast på om det oppsette gjerde har noko effekt og om det bør ytast tilskot i det heile. Sjølve poenget ved å yte midlar til skadeførebygging er at ein oppnår effekt av tiltaket. Sjølvsagt kan ein påstå at om ikkje gjerde var der ville skadeomfanget vere mykje større, men det vert berre ein påstand utan dokumentasjon.
Rett nok har Valldal bærdyrkarlag og Valldal bondelag i skriv til viltnemnda påpeika at stamma av hjort er for stor. Viltnemnda handsama dette i sak 007/07. og viser til det vedtak som der vart gjort.
Ein kjenner til at det vert arbeidt med bestandsplan for Valldal og den beste løysing på regulering av hjortestamma er gjennom slik plan og avskytingsavtale.
Tiltaket har som nemnt rett på stønad etter retningslinene for viltfondet.
Viltnemnd har før handsama ein liknande søknad og kom der fram til eit tilskot på 25 % av netto kostnad – arbeid
Utifrå dei
faktiske tilhøve i saka sett i perspektiv, er ein her i sterk tvil om det er
rett å gå inn for tilskot til ting som tydeleg ikkje har den effekt det burde
ha.
Under sterk tvil vil ein likevel innstille på tilskot og håpe på at skadeomfanget vil minke, likeeins søknad om skadedyrfelling.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|