|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 05/00424-39
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 17.04.2007 |
Teljande areal Muriås - Muri
- Sylte
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
24.04.07 |
Utsendte saksdokument:
Kart vert lagt fram på møtet
Ikkje utsendte
saksdokument:
Valdnummer og valdansvarleg som i sak 017/06
Handsaming i Viltnemnda 24.04.2007:
Karl Jostein Rødset gjekk frå som ugild – no 4 representantar.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Karl Jostein Rødset toke sete att – no 5 representantar.
SAKSGRUNNLAG.
Viltnemnda gjorde i sak 006/07 slikt samrøystes vedtak:
Viltnemnda godkjenner det areal som framlagt kart syner etter at kommunen har planimetermålt det.
SAKSOPPLYSNING.
Kommunen har no sytt for ny oppmåling av dei innteikna eigedomane og resultatet vart slik,
ein set og inn oversikt over tidlegare oppmålte areal.:
Ny oppmåling Tidlegare teljande
Muriås 1560 dekar 2000 dekar
Muri 670 dekar 760 dekar
Kvitla (Muri) 250 dekar 119 dekar
Sylte 1810 dekar 1650 dekar
Viltnemnda sitt
vedtak i sak 017/06.
Viltnemnda viser til forskrift om forvaltning av
hjortevilt og bever og gjer vedtak om samanslåing av Muriås, Muri og Sylte
Muriås sitt areal er 2000 dekar, Muri sitt areal vert
sett ned med 150 dekar til 729 dekar og Sylte sitt teljande areal vert sett ned
frå 1650 dekar til 1500 dekar.
Det samla
teljande areal vil då verte 4229 dekar.
Valdet vil ha nr. 27 i viltnemnda sitt register.
Valdansvarleg vert Peter Melchior 6210 Valldal.
Vedtaket i sak
017/06 vart det klaga over i klage datert 26.06.06.
Slutninga på klage
hadde denne ordlyd:
vert å oppheve.,
SAKSVURDERING.
I sak 006/07 var innstillinga å sette sluttstrek for denne saka som har versert lenge, ein skal ikkje gå inn på grunngjevinga for det her.
Viltnemnda gjorde vedtak som referert og ein forsetter på klagesaka.
Denne hadde bakgrunn i sak 017/06. der det vart søkt om 4529 dekar teljande areal, viltnemnda reduserte dette med 300 dekar grunna omdisponering av areal. Dette resulterte i klage datert 26.06.06. Som igjen har ført til nye saker og mange brev.
Som ein ser av tala kjem valdet samla sett litt dårlegare ut i ny oppmåling. For einskilde eigedomar er reduksjon stor og for andre ein auke.
Viltnemnda kan ikkje gjere vedtak om nytt teljande areal i
denne saka grunna at det er framhald på klagehandsaming og klagarane vil kome
dårlegare ut enn i sak 017/06. Ein vert her bunden av Forv.lovas § 34 tredje
ledd. Som m.a. seier at ”Vedtaket kan ikkje endres til skade for klageren
o.s.v. ”
Viltnemnda må no gjere vedtak som set sluttstrek for klagehandsaming, så får ein seinare ta saka oppatt for vurdering av teljande areal som vert fastsett gjennom nytt vedtak.
Om ein skal gi klagarane fullt medhald vil det ha som resultat at ein går attende til tidlegare vald 3 og vald 27. Ein finn likevel ei innstilling på det underleg grunna at valdet i 2006 var saman om jakta, det er heller ikkje registrert negative reaksjonar på det.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|