|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 151
Saksmappe: 07/00341-2
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 16.04.2007 |
Budsjettrevisjon etter 1.
kvartal 2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
23.04.07 |
|
|
025/07 |
Driftsutvalet |
25.04.07 |
|
026/07 |
Kommunestyret |
15.05.07 |
Utsendte saksdokument:
Framlegg til endringar i drifts- og investeringsbudsjetta
Ikkje utsendte
saksdokument:
K.sak 5/06
K.sak 87/06
Søknad frå Norddal sokneråd
Nye/oppdaterte opplysningar frå tenestene
Årsbudsjett 2007 blir vedteke endra som vist i vedlegg.
Kommunestyret reserverer 5 mill kr av 9501 disposisjonsfond som delbetaling av aksjekjøp i Storfjord Helsesenter a.s
Handsaming i Formannskapet 23.04.2007:
Signe Brenna, Nl kom med slikt endringsforslag:
Det må leggjast fram eiga sak om å bruke 5 mill.kr. frå disposisjonsfondet til kjøp av aksjar i Storfjord Helsesenter AS.
Signe Brenna, Nl stilte spørsmål om ordføraren sin habilitet i saka.
Ordføraren gjekk frå under handsaminga av habilitetsspørsmålet – no 6 representantar.
Ordføraren vart kjent gild mot 1 røyst.
Røysting:
6 røysta for innstillinga
1 røysta for Signe Brenna sitt forslag
Signe Brenna ba om
slik protokolltilførsel:
Norddalslista meiner kommunen framover i 2007 har oppgåver som krev kapital slik som:
- Opp til 4 mill.kr eigenkapital til kommunalt føretak for eigedomsforvaltninga
- 3 mill.kr. breibandutbygging
- Rekrutteringsstrategi
- Planar for vassverksutbygging – konsulenturgifter
- Stilling som naturforvaltar
- Forsøksringen
Årsbudsjett 2007 blir vedteke endra som vist i vedlegg.
Kommunestyret reserverer 5 mill kr av 9501 disposisjonsfond som delbetaling av aksjekjøp i Storfjord Helsesenter a.s
Handsaming i Driftsutvalet 25.04.07:
Petter Melchior, Sp kom med forslag om at 2. setning i innstillinga skal lyde slik:
Kommunestyret reserverer inntil vidare 1 mill kr av 9501 disposisjonsfond som delbetaling av aksjekjøp i Storfjord Helsesenter a.s
Røysting:
3 røysta for Petter Melchior sitt forslag
1 røysta i mot
Årsbudsjett 2007 blir vedteke endra som vist i vedlegg.
Kommunestyret reserverer inntil vidare 1 mill kr av 9501 disposisjonsfond som delbetaling av aksjekjøp i Storfjord Helsesenter a.s.
Handsaming i Kommunestyret 15.05.2007:
Viktor Valdal, Tl tok opp spørsmål om habilitet. Han gjekk frå under handsaminga av habilitetsspørsmålet – no 19 representantar.
Han vart ikkje funne inhabil i saka - no 20 representantar.
Tverrpolitisk liste ba
om gruppemøte.
Svein Linge, Tl kom med slikt forslag til vedtak:
Årsbudsjett 2007 blir vedteke endra som vist i vedlegg.
Kommunestyret reserverer inntil vidare 2,5 mill kr av 9501 disposisjonsfond som delbetaling av aksjekjøp i Storfjord Helsesenter AS.
Viktor Valdal kom med oversendingsforslag:
Norddal kommunestyre ber rådmann utgreie sak vedk. fortau frå Muri bru til Sparebanken Møre/Rådhuset. Det er eit statleg ansvar å planlegge og koste anlegget som har stått på venteliste i nær 30 år. For å unngå alvorlege ulykker og omsyn til liv og helse, ser Norddal kommune seg no tvinga til å finansiere anlegget sjølv i første omgong, og seinare søkje refusjon – heilt eller delvis – til Statens vegvesen.
Røysting:
4 røysta for innstillinga
16 røysta for Svein Linge sitt forslag Tl
Det var røysta over
Viktor Valdal sitt oversendingsforslag:
Samrøystes i samsvar med forslaget.
Årsbudsjett 2007 blir vedteke endra som vist i vedlegg.
Kommunestyret reserverer inntil vidare 2,5 mill kr av 9501 disposisjonsfond som delbetaling av aksjekjøp i Storfjord Helsesenter AS.
Oversendingsforslag:
Norddal kommunestyre ber rådmann utgreie sak vedk. fortau frå Muri bru til Sparebanken Møre/Rådhuset. Det er eit statleg ansvar å planlegge og koste anlegget som har stått på venteliste i nær 30 år. For å unngå alvorlege ulykker og omsyn til liv og helse, ser Norddal kommune seg no tvinga til å finansiere anlegget sjølv i første omgong, og seinare søkje refusjon – heilt eller delvis – til Statens vegvesen.
I samband med kvartalsmelding er det behov for å revidere årsbudsjetta for 2007.
Driftsbudsjettet var rimeleg godt gjennomarbeidd hausten 06. Dei aktuelle endringane er desse:
-Soknerådet søkjer om ei tilleggsløyving på 290 000 kr, det dreier seg om dekkjing av underskot og restaurering av altartavle.
-Tidlegare ekstraløyving til plo blir fordelt i samsvar med rapport
-Etter ny og korrigert utrekning, blir sal av konsesjonskraft høgda med 500 000 kr.
-Rammeoverføringa frå staten er nyutrekna med utgangspunkt i kjent folketal. Det blir gjort framlegg om å auke budsjett-talet med 500 000 kr.
-Disposisjonsfondet er oppstilt auka med 710 000 kr. Det blir gjort framlegg om å nytte 5 mill kr av disposisjonsfondet som alternativ finansiering av vedteke aksjekjøp (i alt 6,9 mill kr) i Storfjord Helsesenter a.s
Det blir vidare gjort framlegg til desse endringane i investeringsbudsjetta. Endringane medfører ikkje auke i ramme, jmnf vedtak i K.sak 07/06.
-Valldal skule får avsett 100 000 til planlegging av nytt ventilasjonsanlegg ved den eldste delen av skulen.
-Valldal skule har nå klårlagt kva ballbingen ved skulen er venta å koste.
-Det blir sett av 350 000 til vedlikehald mv av Paktarstova
-Dagsenteret (arbeidstittel ”nærmiljøsenteret”) har no, etter fleire forsøk, hamna på eit avsluttande kostnadsoverslag.
-Det er teke med pengar til solskjerming ved Fjordhagen (andre bygg og eigedomar).
-Industribygg i Djupøyna er redusert tilsvarande.
Overståande emne er alle oppfølgingar av tidlegare vedtekne og kjente prinsippsaker i kommunestyret. Eg gir derfor berre få tilleggsvurderingar:
Soknerådet har over tid arbeidd med å bringe orden i budsjetta. Det har dei no greidd, og det er fornuftig å avslutte dette med å nulle ut underskotet.
Kommunestyret har vedteke å finansiere aksjekjøp i Storfjord Helsesenter ved å krevje lån innfridd frå Tafjord Kraft. Imidlertid opnar no både framdrifta av etablering og betring i kommuneøkonomien for anna finansiering som er meir fordelsaktig. Det er velkjent at lånet i Tafjord Kraft gir høge renteinntekter, og at ein derfor bør leite etter annan finansiering først. Det er rom i budsjettet for at inntil 5 mill kan betalast frå driftsinntekter. Det vil oppretthalde nemnte renteinntekt.
Ventilasjonen ved eldste del av Valldal skule, er no i ein slik tilstand at han berre må skiftast ut. Ma kan han ikkje nyttast om vinteren, då varmeelementa er øydelagde.
Ballbingen er planlagt over tid, og dette arbeidet er no avslutta med ein brutto kostnad på oppunder 500 000 kr. Det er gjeve tilsegn om tippemidlar. Dette blir 3. ballbingen i kommunen.
”Nærmiljøsenteret” har dessverre vorte offer for ei ikkje avsluttande planlegging. Byggenemnda avslutta dette med ei tilråding på knappe 2 mill, i tillegg kjem innbu til vel 300 000 kr. Kommunestyret har tidlegare vedteke å ferdigstille dette i 2007, og å gi nødvendige løyvingar.
Grunna utforminga av sørveggen på Fjordhagen, er det heilt nødvendig med solskjerming. Det er teke med ei løyving som gir utvendig skjerming. Dette er opplyst å vere mest effektivt. Ei innvendig skjerming blir noko rimelegare.
Arbeidet kring ståstaden for industribygg i Djupøyna er no avslutta. Avsett omlagløyving på 5 mill kan derfor bli redusert.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|