|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-Hag
Saksmappe: 05/00048-7
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte til
limousine nr 2 - Limousine West.no
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Limousine West.no
Eigar: Hallgeir Greger
Etablert: 12.03.2005 som eit enkeltpersonsforetak.
Bransje: Limousine transport i nærområdet/regionen.
Tilsette: Eigar arbeidar sjølv i bedrifta
Tidlegare tildelingar: Ingen tildelingar tidlegare. Søkte i 2005 om tilsvarande tiltak, men fekk avslag.
Søkt om: Støtte til innkjøp av limousine nr 2. Søkjer om støtte på kr 55.000 av ein totalkostnad på kr 110.000.
Kommunen ynskjer at nyetablerarar skal kjenne seg velkommen i kommunen, uavhengig om dei er innflyttarar, tilbakeflyttarar eller busett i kommunen.
Likevel ser ein at i dette tilfellet bør ein konsentrere seg om å få bil nr 1 til å verte eit lønnsomt foretak, før ein satsar på bil nr 2. Ein bør no marknadsføre bedrifta og vurdere først etter sesongen 2006 kva behov ein har, og om det då eventuelt er økonomisk forsvarleg for bedrifta å gå til innkjøp av bil nr 2. Rådmannen innstiller på at søknaden ikkje vert prioritert.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|