|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-TurEids
Saksmappe: 06/00244-2
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - arbeidsgruppe for turistinformasjon i Eidsdal
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Dette er ingen bedrift, men ei arbeidsgruppev/ Jan Olav Hesthaug som har som formål å etablere ein turistinformasjon i Eidsdal.
Eigar: Næringsaktørar i Eidsdal og Norddal
Etablert: Arbeidet har foregått vinteren 2005/2006.
Bransje: Reiseliv, bygdeutvikling
Tilsette: Ingen.
Tidlegare tildelingar: Ingen tildelingar tidlegare.
Søkt om: Tilskot til å dekkje kostnader ved drift av eit midlertidig turistinformasjon i Håndverkshuset i Eidsdal. Totale kostnader er kr 25.000, og det er søkt om å få dekkje 50 % av desse, til saman kr 12.500.
Initiativet til tiltaket botnar i ei satsing på bygdeutvikling som Eidsdal og Norddal Bondelag arbeidar med, og har fått støtte til frå Møre og Romsdal fylke. Kommunen er svært positiv til at næringslivet i Eidsdal og Norddal ynskjer å profilere seg endå meir. Rådmannen ynskjer å presisere at turistinformasjonen som er plassert på kaia i Valldal er ikkje berre for Valldal, men for heile kommunen.
Destinasjon Geirangerfjorden-Trollstigen (DGT) sitt styre behandla dette i mars, og sa at dei stiller seg positiv, men at det er for kort tid til å gjennomføre dette allereie i 2006. Dei ynskjer å gå igjennom saka og informasjonsbehovet på sørsida av kommunen, og eventuelt vurdere saka på nytt.
Rådmannen stiller seg bak denne konklusjonen, og ynskjer gjerne at dette temaet vert tatt opp til diskusjon. Skal ei slik satsing på turistinformasjon skje på Eidsdal eller nokon annan plass i kommunen, må dette skje i samarbeid med DGT. Norddal kommune gjev DGT ei driftsstøtte på rundt 800.000 pr år, og meinar då det er naturleg at reiselivssatsinga vert kanalisert gjennom DGT.
Rådmannen innstiller på at søknaden ikkje vert prioritert i denne omgong.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|