|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-TBAT
Saksmappe: 06/00235-2
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - Tafjord Batsafari
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Tafjord Batsafari får eit tilskot på kr 20.000, som i hovudsak skal gå til marknadsføring.
Handsaming i Formannskapet 24.04.06:
Signe Brenna, Nl kom med forslag om å avslå søknaden.
Røysting:
1 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall
5 røysta for innstillinga.
Tafjord Batsafari får eit tilskot på kr 20.000, som i hovudsak skal gå til marknadsføring.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Tafjord Batsafari
Eigar: Frank Iversen
Etablert: 2006. Bedrifta hadde prøvesesong i 2005, men vart ikkje etablert før i år. Sidan eigar allereie har eit enkeltpersonforetak frå før, er dette selskapet registert under enkeltpersonsforetaket Tafjordportalen.
Bransje: Oppleving/reiseliv
Tilsette: Eigaren arbeidar sjølv i bedrifta, men leigar inn kompetanse, biolog Tore Christian Michaelsen, når han er tilgjengeleg.
Tidlegare tildelingar: Heilt nyoppstarta bedrift som ikkje har fått støtte før.
Søkt om: Støtte til etablering av selskapet, knytt til marknadsføring og diverse investeringar som til dømes PC, projektor, lyddetektor. Til saman ein total kostnad på kr 83.500. Der dei søkjer om støtte på kr 40.000,-
Søkjar opplyser om at bygda Tafjord er i ei særstilling i flaggermussamanheng, då det er svært mange typar flaggermus, samt svært mykje av arten i bygda. Søkjar fekk i 2005 mykje postitiv merksemd i sin prøvesesong. Det er svært positivt at søkjar samarbeider med andre bedrifter i kommunen for å gjennomføre safarien, til dømes nyttar søkjar kafeteriaen på Båthamn Camping Tafjord som utgangspunkt for safarien.
Det er sagt at Norddal kommune skal satse på sine naturlege fordelar i vårt næringsarbeid. Rådmannen vurderar dette å vere eit svært spanande og unikt tilbod for vår region, og midt i blinken med omsyn til reiseliv, oppleving og natur.
Rådmannen ynskjer å gje denne ideen og denne bedrifta ein god start, ved å gje støtte i ein etablerarfase. Rådmannen innstiller på at Tafjord Batsafari får eit tilskot på kr 20.000, som i hovudsak skal gå til marknadsføring.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|