|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-Tov
Saksmappe: 06/00226-2
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - Tafjord Overnatting
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Handsaming i Formannskapet 24.04.06:
Signe Brenna, Nl kom med forslag om å avslå søknaden.
Røysting:
2 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall
4 røysta for innstillinga.
Tafjord Overnatting får kr 25.000 til investeringar og marknadsføring.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Tafjord Overnatting, tidlegare Tafjord Pensjonat
Eigar: Tove Anita Iversen
Etablert: Registrert i Enhetsregisteret 16.03.2006 som eit enkeltpersonforetak.
Bransje: Tilby overnattingsplass/pensjonat.
Tilsette: Eigar sjølv som arbeidar i bedrifta elles ingen tilsette.
Tidlegare tildelingar: Tidlegare Tafjord Pensjonat har ikkje fått tildelingar frå næringsfondet før (sidan 1995).
Søkt om: Kr 90.000 av ei total kostnadsramme på kr 189.000 til oppgradering/oppussing, og marknadsføring.
Tafjord Overnatting disponerar rundt 100 m2 til dette formålet. Dei har 6 rom, der 4 er dobbeltrom, eit rom har enkeltseng, og eit rom har køyeseng. Det er felles stove, kjøkken og bad. Overnattingsplassen har vore i drift i 23 år som Tafjord Pensjonat, og det er behov for oppussing.
Kommunen ynskjer at nyetablerarar skal kjenne seg velkommen i kommunen, uavhengig om dei er innflyttarar, tilbakeflyttarar eller busett i kommunen. Sjølv om institusjonar som Innovasjon Noreg ikkje gjev tilskot til overnattingsbedrifter av denne type, ynskjer rådmannen å bidra i denne startfasen. Det har vore vanleg å gje støtte i hovudsak til marknadsføring og andre mjuke investeringar, men ein har strekt seg til å gje støtte til andre investeringar som har vore naudsynt å få på plass i ein oppstartfase.
Rådmannen innstiller på eit tilskot på kr 25.000 til investeringar og marknadsføring.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|