NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-VG

Saksmappe:          04/00170-4

Sakshandsamar:   Torill Monstad

Dato:                      19.04.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad om støtte frå næringsfondet - Valldal Grønt AS  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

037/06

Formannskapet

24.04.06

 

Utsendte saksdokument:

Kopi av søknaden

 


Rådmannen si innstilling:

Valldal Grønt AS får eit tilskot på kr 50.000.

-----------------------------------------------------


 


Handsaming i Formannskapet  24.04.06:

Det var reist spørsmål om habiliteten til Håkon Myklebust, Sp og Signe Brenna, Nl . Begge gjekk frå under handsaminga av habilitetsspørsmålet – dei vart ikkje funne inhabile i saka.

 

Signe Brenna, Nl kom med forslag om å gi kr. 95.000,- i tilskot:

 

Ordførar Merete Løvoll Rønneberg, Sp kom med forslag om å gi kr. 70.000,- i tilskot.

 

Prøverøysting med høve til å røyste på aller alternativa:

2 røysta for Signe Brenna sitt forslag

1 røysta for ordføraren sitt forslag

3 røysta for innstillinga.

 

Endeleg avrøysting:

3 røysta for innstillinga

3 røysta for ordføraren sitt forslag og vart vedtatt med ordføraren si dobbeltrøyst

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 


Vedtak i  Formannskapet - 24.04.06:

Valldal Grønt AS får eit tilskot på kr 70.000.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Namn på bedrifta: Valldal Grønt AS, er eit datterselskap av Valldal Eigedom AS.

Eigar: Bedrifta er eigd av bærprodusentar i kommunen, og har til saman 94 aksjonærar.

Etablert: 06.04.1998 som eit aksjeselskap.

Bransje: Engroshandel med frukt, bær og grønnsaker

Tilsette: 4 personar arbeidar deltid på heilårsbasis, samt rundt 30 sommarhjelper.

Tidlegare tildelingar: Valldal Grønt AS fekk kr 85.000 i tilskot til dette tiltaket i 2005. Desse midla er ikkje henta ut enno. I 2000 fekk bedrifta eit tilskot på kr 35.000. I 2001 fekk bedrifta eit tilskot på kr 37.500. I 2002 fekk bedrifta eit lån på kr 500.000.

Søkt om: Kr 200.000 i tilskot til iverksette, gjennomføre og vidareføre tiltak for å auke verdiskapinga gjennom Valldal Grønt, og då verdiskapinga for produsentane. Dette er ein oppfølgingssøknad knytt til den som dei kom med i 2005.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Bedrifta Valldal Grønt arbeidar for å auke foredlingsgraden av jordbæra i kommunen, for å auke verdiskapinga og fortenesta på råvarene. Norddal kommunen viste tydeleg i 2005 at dette er noko ein ynskjer å satse på, i og med at ein innvilga kr 85.000 i tilskot. Bedrifta har ikkje henta ut tilskotet sitt frå 2005 enno, men arbeidar med rapport og rekneskap i desse dagar. Etter ein samtale med dagleg leiar Harald Valle, kjem det fram at bedrifta ynskjer å satse på meir kostnadskrevjande produksjonsutstyr enn det dei søkte om i 2005, då dette vurderast å ville lette og betre produksjonen. Opprinneleg søknad var på totalt kr 1.492.000, medan den nye søknaden har ein totalkostnad på kr 2.052.000. Dette er bakgrunnen for denne nye søknaden. Dette er eit tiltak og næringsutvikling som forhåpentlegvis vil ha effekt for landbruket i kommunen. Likevel vil ei full støtte på kr 200.000 gjere at andre næringsaktørar ikkje får støtte. Rådmannen innstiller på at Valldal Grønt AS får eit tilskot på kr 50.000.

Stig Holmstrøm

 

rådmann