|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-THE
Saksmappe: 04/00842-8
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - The Happy End - Norddal
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Rådmannen innstiller på at The Happy End – Norddal får eit tilskot på kr 25.000 som skal gå til marknadsføring og produktutvikling. Ein ynskjer ikkje å støtte lønn til sekretær og styre.
Rådmannen innstiller på at The Happy End – Norddal får eit tilskot på kr 25.000 som skal gå til marknadsføring og produktutvikling. Ein ynskjer ikkje å støtte lønn til sekretær og styre.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: The Happy End - Norddal
Eigar: 12 bedrifter/organisasjonar i bygda Norddal. Kontaktperson er Petter Melchior.
Etablert: Registrert i Enhetsregisteret 07.02.2004 som ei foreining/lag/interesseorganisasjon.
Bransje: Marknadsføre bygda Norddal og skape auka aktivitet og fleire arbeidsplassar i bygda.
Tilsette: Ingen tilsette.
Tidlegare tildelingar: I 2005 fekk bedrifta eit tilskot på kr 40.000 frå næringsfondet, som dei har fått utbetalt.
Søkt om: Det er søkt om støtte generell støtte til vidareutvikling av The Happy End – Norddal på kr 100.000. Arbeidet er knytt til marknadsføring, produktutvikling og utvikling av samarbeidet i bedrifta. Bedrifta sine totale budsjetterte kostnader knytta til drift i 2006 er
kr 266.300.
Dette er same slags type organisering som Den gyldne omvei i Nord-Trøndelag har, der fleire bedrifter og organisasjonar har gått ilag om ein marknadsførings- og utviklingsorganisasjon. Denne organisasjonen vann Innovasjon Noreg sin bygdeutviklingspris for 2005.
The Happy End – Norddal fekk kr 100.000 i støtte hjå Møre og Romsdal fylke til bygdemobiliseringstiltak, og i 2005 fekk The Happy End – Norddal som sagt midlar frå næringsfondet. Rådmannen vurderar søknaden frå denne bedrifta å vere mykje knytt til ordinær drift av organisasjonen. Spørsmålet er kor mange år skal ein støtte tilsvarande tiltak innan same bedrift/organisasjon? Likevel må ein erkjenne at det tek tid å byggje opp eit samarbeid, eit produkt, ein kjennskap i marknaden om produktet/bygda. Bedrifta heldt på å utvikle ulike pakker som skal vere lett omsetteleg og som vil vere god marknadsføring for bedrifta.
Rådmannen innstiller på at The Happy End – Norddal får eit tilskot på kr 25.000 som skal gå til marknadsføring og produktutvikling. Ein ynskjer ikkje å støtte lønn til sekretær og styre.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|