|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-NBÆ
Saksmappe: 05/00074-5
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - Norsk Bærindustri AS
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Norsk Bærindustri AS får eit tilskot på kr. 31.000, som i hovudsak skal brukast til materialkostnader ved nødvendig oppussing av produksjonslokala.
Norsk Bærindustri AS får eit tilskot på kr. 31.000, som i hovudsak skal brukast til materialkostnader ved nødvendig oppussing av produksjonslokala.
Namn på bedrifta: Norsk Bærindustri AS
Eigar: Familien Tineke Verpaalen Herzog og Jos Verpaalen.
Etablert: 02.01.1985 som aksjeselskap. Nye eigarar i 2005.
Bransje: Bearbeiding og konservering av frukt og bær, samt butikk.
Tilsette: Det er ingen tilsette, kun eigarane sjølv som arbeidar i bedrifta.
Tidlegare tildelingar:
I 2005 fekk bedrifta eit tilskot på kr 35.000. I 2002 fekk bedrifta kr 60.000 i tilskot og kr 80.000 i lån. I 2003 fekk bedrifta kr 15.000 i tilskot.
Søkt om:
Kr 52.000 til utbetring av produksjonslokala som følgje av krav frå Mattilsynet.
Bedrifta har søkt om støtte til investeringar i produksjonsutstyr, marknadføringssarbeid, og hospitering hjå Verdiskapingsprogrammet for mat som Innovasjon Noreg forvaltar. Innovasjon Noreg gjev ikkje støtte til oppussing av lokala sidan bedrifta ikkje eig desse sjølv.
Bedrifta får hjelp av Prosjekt Matmangfald til å utarbeide denne søknaden. Prosjekt Matmangfald er noko som kommunen gjev støtte til, og som skal bidra til at næring knytt til mat og foredling av råvarer skal få ekstra assistanse og rådgjeving.
Bedrifta skal satse vidare på si bearbeiding av frukt og bær, og vidareutvikle sine produkt og søkje nye marknader. For at bedrifta skal kunne drive vidare må dei tilfredstille dei krav Mattilsynet har knytt til lokala. Rådmannen ser ikkje noko problem med at lokala er leigde og ikkje eigde av bedrifta sjølv. Det er viktig for bedrifta å halde kostnadane og utgiftene på eit så lågt nivå som mogeleg, og ikkje binde seg til investeringar og faste kostnader som kan verte vanskeleg å gjere noko med i denne fasen.
Rådmannen vurderer dette som ei viktig satsing på Norddal kommune sine naturlege fortrinn, frukt og bær. Eigarane av Norsk Bærindustri AS er dyktige, kreative menneske som ein vurderar på sikt kan utvikle denne bedrifta til ei lønnsomt foretak. Det er eit kostnadskrevjande og vanskeleg marknad bedrifta opererar innan.
Rådmannen ser det som viktig for eit vidare liv for bedrifta at næringsfondet bidreg, og innstiller på eit tilskot på kr 31.000, som i hovudsak skal brukast til material kostnader ved nødvendig oppussing av produksjonslokala.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|