|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF- BIL
Saksmappe: 05/00056-3
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 19.04.2006 |
Søknad om støtte frå
næringsfondet - Valldal Bilsenter AS
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
24.04.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Valldal Bilsenter AS
Eigar: Ove Indreeide, Oddmar Hoel og Kjetil Støversten.
Etablert: 15.06.1991 som eit aksjeselskap.
Bransje: Bilverkstad
Tilsette: 4 fast tilsette, samt ekstrahjelp for kveld, helg og feriar.
Tidlegare tildelingar:
I 1996 fekk Valldal Bilsenter AS kr 150.000 i lån
1 1997 fekk Valldal Bilsenter AS kr 8.000 i tilskot og kr 40.000 i lån.
I 2000 fekk Valldal Bilsenter AS kr 132.500 i lån.
Søkt om:
Støtte til å vidareutvikle bedrifta med å kunne foreta vedlikehald og reperasjonar på aircondition anlegg i ulike kjøretøy, samt støtte til lakkboks. Total kostnad kr 121.598,- og søkt om støtte på kr 41.629,-
I 2005 søkte bedrifta om støtte til lakkboks, og fekk avslag. Dei har likevel investert i lakkboks, og heldt no på å ferdigstille lakkeringsutstyret. Ein kan vurdere på nytt om ein skal prioritere å støtte lakkboks denne gongen. Jamfør retningslinjene skal ein prioritere omstilling, ekspansjon og nyskaping. Rådmannen meiner det er bra at bedrifter utviklar sin kompetanse og utvidar tilbod, men knytt til konkurransevridane omsyn vel ein å ikkje prioritere denne søknaden i denne omgongen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|